– Eg skjønar godt at det er skuffelse i Herøy over at Fosnavåg hamn ikkje er med på lista over hamneprosjekt i 2018 som kjem inn i den statlege forskotteringsordninga. Eg har også fått tydelege tilbakemeldingar på dette i løpet av dei siste dagane, seier Orten til Vestlandsnytt.

Han kjenner godt til hamneprosjektet i Fosnavåg, og fekk også informasjon på staden like før stortingsvalet i fjor. Då gjekk Orten langt i å antyde at Fosnavåg bør verte med i forskotteringsordninga som sikrar ei forsering av hamneprosjektet. Ei forskotteringsordning Herøy har vore mellom pådrivarane for å få realisert.

– Det kom inn søknader for over 1,3 mrd. kr. Deretter er det gjort faglege, og ikkje politiske, vurderingar som set Gjøsund fiskerihamn og to tiltak i Nord-Norge inn med forskotteringstiltak, forklarar Orten.

Moglegheitene

Han meiner ei av Fosnavåg sine moglegheiter til å bli med i ordninga før fylkeskommunen overtek frå 2020, er pengar som blir til overs etter at det er forhandla med dei tre hamneprosjekta som er inne i varmen.

Ein annan utveg er i budsjettforhandlingane som skal gjennomførast dei komande vekene. Her er, som kjent, KrF i nøkkelposisjon.

– Det er, som vi alle veit, eit litt meir uklart politisk bilde akkurat no, men utgangspunktet er at mindretalsregjeringa skal forhandle med KrF. Her vil det også ligge eit høve for å få inn Fosnavåg hamn, strekar Orten under. Indirekte vert det difor KrF som kan få Fosnavåg inn i statsbudsjettet for 2019.

Orten ser heller ikkje vekk ifrå at ein tredje moglegheit kan ligge i at Fosnavåg hamn kan kome med i ein «siste forskotteringsrunde» neste år.

Han skjønar elles godt signala frå partifelle og Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr, som meiner det kan bli langt meir vanskeleg for prosjektet å få innpass den dagen fylkeskommunen skal fordele midlane.

– Som tidlegare ordførar har også eg sett at det gjerne har følgt med mindre pengar enn venta når ein sender ansvaret på nye hender. Men skulle det skje at finansieringa av Fosnavåg hamn vert skuva fram til etter 2020, vil regjeringa legge til rette på ein god måte. Sentralt her blir det å få etablert ein god og behovsretta fordelingsnøkkel, seier Orten.

Aktiv hamn – stort behov

Han har likevel ingen vanskar med å skjøne den aukande frustrasjonen som no ser ut til å byggje seg opp rundt Fosnavåg hamn, eit prosjekt som, også etter Orten sitt syn, har blitt «flytta hit og dit» opp gjennom åra, og framleis står utan noko snarleg løysing.

– Eg deler denne frustrasjonen på vegner av alle som kjempar for at Fosnavåg hamn skal få ei løysing der det kan bli sett ein oppstartsdato. Behovet er heilt klart stort, og Fosnavåg er ei av dei mest aktive fiskerihamnene langs kysten. Men igjen må eg peike på at det er faglege vurderingar som ligg bak prioriteringane, seier Høgre sin sentrale samferdselspolitikar.

Orten fortel også at han som representant for Mørebenken har «marknadsført våre prosjekt så godt han kan».

– Skipstunnelen har ukjend oppside

Helge Orten meiner Stad skipstunnel har ein stor nytteverdi som ikkje er teken med i bildet.

– I rapporten som fortel om kost/nytte er det fleire faktorar som ikkje er tekne med i rekneskapen. Ikkje minst når det gjeld påverknaden tunnelen gir for reiselivet, ligg det her faktorar som er svært vanskelege å måle. Saman med tryggleik og framkomelegheit er eg trygg på at nytteverdien er veldig stor, seier Orten.

Han seier det med bakgrunn i KS2-rapporten som synte ein sterk prisauke på Stad skipstunnel, er naturleg at prosjektet ikkje ligg inne med midlar i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2019.

– Men prosjektet ligg inne i NTP, og i tida framover vert det ein del som skal svarast for, før det vert lagt inn løyvingar i budsjetta, seier leiaren i samferdselskomitéen.