Buchardt følgde etter då faren Thomas Buchardt tok over som Bergsøy-trenar før denne sesongen. I kampane som er spela fram til no har han vist seg som ein av Bergsøy sine mest framståande spelarar. Denne veka fekk han løn for innsatsen då tidlegare landslagskjempe, Johnny Jensen, tok han ut på U-landslaget for fyrste gong.

– Å bli teken ut på landslaget og spele med flagget på brystet er ein draum som blir oppfylt for min del. Eg gler meg mykje, og er klar for å vise meg fram, seier Buchardt stolt til Vestlandsnytt.

LM00-landslaget samlast på Gardermoen 25. oktober, før dei set seg på flyet i retning Romania. Her skal dei delta i ei firenasjoners turnering, og møte Romania, Sveits og Russland.

– Har vist eit stort talent

U-landslagstrenar, Johnny Jensen, skryt av Buchardt.

– Vi har fått gode rapportar på Markus over lengre tid, og eg lét meg imponere då han spela regional-NM i Bergen. Eg tok han derfor med til ei regional landslagssamling i Trondheim, der han viste seg godt fram. Difor får han no sjansen på landslaget, seier Jensen.

Jensen beskriv Buchardt som ein allsidig og smart spelar.

– Ein av dei store fordelane med Markus er at han er god begge vegar, og står godt i forsvar, samtidig som han spelar smart i angrep. Han er også særs god teknisk, skryt Jensen.

– Skal gripe sjansen

Markus Buchardt er elles klar på at det er eit trongt nålauge han vil gjennom.

– Handball er brutalt på nasjonalt og internasjonalt nivå, so det handlar om å gripe sjansen når du får den, seier Buchardt.

Det er elles Johnny Jensen einig i, men han oppfordrar om å sleppe ned skuldrene også.

– Alle spelarane som er med her har sjølvsagt meir å utvikle, men dei er med fordi dei har vist at dei er spanande. So ein må ikkje la nervane ta overhand, seier landslagstrenaren.

Følger med

Johnny Jensen seier også at det er ekstra gledeleg for handballforbundet når dei finn gode spelarar ute i distrikta.

– Det er vanskeleg å halde seg oppdatert og fylgje med på spelarar over heile landet, difor er det ekstra gledeleg når spelarar frå mindre stadar viser seg so godt fram som det Markus har gjort, seier den tidlegare landslagsspelaren.

Landslagsuttaket til Buchardt kan også styrke sjansane for andre talent i distriktet.

– Når talentfulle spelarar i nærområdet ser at ein lykkast, får dei også betre tru på at dei sjølve kan lykkast, seier Jensen.

– Veldig positivt

Leiar i Bergsøy handball, Rikard Moe, er også stolt.

– Det har vel ikkje skjedd før, og vi er sjølvsagt stolte over å få ein spelar på landslaget. Spesielt viktig for oss er signaleffekten det sender til dei unge i klubben, seier Moe.

Takkar Bergsøy og Spjelkavik

Buchardt kom som sagt til Bergsøy før årets sesong, men Buchardt har allereie teke store steg i Bergsøy-trøya.

– Bergsøy IL har hjelpt meg svært mykje på kort tid, og utvikla meg godt som handballspelar. Starten har vore god, sjølv om vi ikkje resultatmessig har lykkast heilt, men eg trivast godt. Eg må også takke Spjelkavik IL for at eg har fått vere med i eit miljø med so mange gode spelarar og trenarar som har utvikla meg kvar einaste dag på trening, seier Buchardt.

Bergsøy til Vestfold

Før Buchardt kan tenke på landslaget ventar bortekampar mot Falk Horten 2 og HK-72 Sande i Vestfold komande helg.

– Det er to kampar vi skal gå ut av med 4/4 poeng. Falk Horten 2 er eit lag vi skal slå, medan HK-72 Sande er eit ungt og fysisk bra trent lag, som eg ikkje veit alt for mykje om, men som vi går for to poeng mot, seier den ferske landslagsspelaren.