I forslaget til statsbudsjett for 2019 står det lite konkret om Stad skipstunnel. Men departementet syner til at Kystverket i 2017 laga ferdig forprosjektet til Stad skipstunnel. Og:

«Den eksterne kvalitetssikringa var ferdig i mai 2018 og synte at venta kostnad er auka til 3,7 milliardar kroner, og venta nytte er redusert til minus 3,1 milliardar kroner. Regjeringa vil på eigna måte kome tilbake til vidare behandling.»

Denne korte og heller negative omtalen frå regjeringa får ikkje på noko vis styringsgruppa for Stad skipstunnel til å misse trua på at prosjektet vert gjennomført:

– Vi tek til etterretning at regjeringa vil kome tilbake om vidare behandling av saka. Styringsgruppa jobbar vidare for å realisere Stad skipstunnel og halde tidsplanen om byggjestart i 2021, noko som også er i tråd med Nasjonal transportplan (2018-2029) og Kystverkets handlingsprogram (2018-2029).

Slik heiter det i ei pressemelding utsend måndag frå dagleg leiar Randi Humborstad i styringsgruppa for skipstunnelen.