Jon Garen (Ap) saknar at politikarane får tal og framdriftsplan for Gjerdsvika hamn. Det sa han under tysdagens formannskapsmøte.

– I tillegg til summen vi allereie har lagt ut, skal vi dekke noko meir? Vi må vel til med grunninnløysing, sa Garen.

– Det arbeidet er sluttført, vi eig den grunnen vi skal eige. Når det gjeld føringar vidare har Kystverket bestemt at vi skal ha ei kai til prosjektet er ferdig. Men det blir eit nytt prosjekt frå 2020 av, svara rådmann Indregård.