– Situasjonen er no so kritisk at vi berre har fire dommarar tilgjengeleg, noko som vil seie at vi berre har to dommarpar, seier dommarkontakt Runar Djupvik i Bergsøy handball.

Djupvik fortel at det er vanskeleg å få gjennomført alle kampane når ein har so få dommarar som no.

– Det er kanskje 70 kampar berre i Herøyhallen i løpet av sesongen, og då tek eg ikkje i. Samtidig må ofte dommarane våre dømme kampar andre stadar, seier ein bekymra Djupvik.

Han meiner talet minst burde ha vore det dobbelte.

– Ideelt sett skulle vi hatt seks-sju dommarpar, men vi må ha minst fire, seier Djupvik.

– Dei sinte trenarane forsvann på 90-talet

Dommarkontakten forstår at det kan bli oppfatta som ein skummel jobb å vere dommar.

– Det er ein jobb med mykje ansvar, men det er ingenting å vere redd for. Dei sinte trenarane som stod på sidelinja og kjefta på dommaren, dei gav seg på 90-talet, seier Djupvik.

Elles kan han opplyse om at det er gode pengar å tene som handballdommar, og at dei har orden på arbeidstidene.

Arrangerer dommarkurs

Bergsøy har no innsett at dommarmangelen i klubben er stor, og har difor starta ei aktiv rekruttering inn mot sine yngre spelarar.

– 18. oktober arrangerer vi eit kurs på klubbhuset retta mot alle J16-spelarane som er fødde i år 2003. Dei som framleis er interesserte etter kurset vil vi satse på, og vi kan då love dei tett oppfølging og rettleiing, seier Djupvik og legg til:

– Det kostar klubben lite å få fram gode dommarar, og no går vi aktivt inn for det.

Alle som vil dømme er velkomne

Djupvik seier at alle som vil bli handballdommar er velkomne. Det einaste kravet er at du må vere over 15 år.

– Om du er 16–17 år eller 30–40 spelar ingen rolle. Vil du dømme handball er du hjarteleg velkomen. Stranda har til dømes ein dommar som er 70 år, so alder er ingen hindring i handballen, slår Djupvik fast.

Djupvik seier at for dei interesserte er det berre er å ta kontakt med han eller nokon andre i klubben. Han vil spesielt oppfordre dei som har dømt handball før, om å ta kontakt.