– Kompetansereisa startar i eit område og i eit miljø der entreprenørskap, innovasjon, nyskaping og gründerverksemd nærmast er eit økosystem. Dette kjem til å bli årets gründer-happening i fylket, seier Sparebanken Møre sin prosjektleiar for Næringsteft, Linda Rafteseth Grimstad, i ei pressemelding.

Nytt i år er at alle påmelde får vere med på den første samlinga der dei vil få møte næringsliv, gründerar, innovatørar, avgjerdstakarar, investorar og finansfolk. Fleire hundre vil vere samla på Fosnavåg konserthus den 4. oktober der det vil myldre av gründerar og spennande idear.

100 gründerar

Då søknadsfristen gjekk ut hadde 100 gründerar meldt seg på for å kjempe om ein million kroner, og for å få vere med på ei unik kompetansereise med masse fagleg påfyll og nettverksbygging.

– Det har kome inn fantastisk mange gode idear innan mellom anna marin, reiseliv og teknologi. Det er høg kvalitet og stor spennvidd. Vi er kjempeimponerte og det vil ikkje bli nokon enkel jobb for juryen å plukke ut ein vinnar mellom så mange med så stort potensial, seier Rafteseth Grimstad.

Fleire kvinner

Stadig fleire kvinner prøver seg som nyskaparar og gründerar. I fjor var kvinneandelen 23 prosent. I år er den 36 prosent. 75 prosent av dei påmelde er nye, de andre var også med på fjorårets Næringsteft.

Programmet

På eit tettpakket program står fjorårets vinnarar, AgriMare Bio og dei to andre finalistane Alliansen Seaweed og BagID. Frå Sparebanken Møre kjem administrerande direktør Trond Nydal, Stig Remøy frå Olympic Subsea ASA, Geir Johan Bakke frå Havyard Group ASA, Kjell Arne Furnes, Ably Medical AS, Monika Hestad, Brand Valley AS, Olav Sindre Kirken, Racer AS og nett.no, Per Arild Konradsen, FIRST Scandinavia og designar og gründer Stine Elisabeth Goksøyr, KO & KO AS. Karoline Aamås, Rope Artist

50 går vidare

Etter den fyrste samlinga i Fosnavåg vel ein fagjury ut 50 kvalifiserte søkjarar som får følgje eit fagleg program. Deretter skal ti semifinalistarplukkast ut. Dei får individuell rettleiing. Til slutt skal tre finalistar knive om førstepremien på ein million kroner.

– Vi veit kor viktig det er å få drahjelp når ein er i startgropa. Difor er Næringsteft lagt opp slik at alle som blir med skal få med seg mykje kunnskap om næringsutvikling, avsluttar Linda Rafteseth Grimstad.