Nyleg gjekk Norges Fiskarlag hardt ut mot forvaltinga og bruken av såkalla legemidlar til bruk mot lakselus. No får dei delvis støtte frå fiskeriministeren:

– Det er viktig at vi har eit føre-var-prinsipp. Vi ser at det er fleire utfordringar knytt til bruk av hydrogenperoksid og lusebehandling. Inntil vi har meir kunnskap på plass, føreslår vi at det skal vere forbode å sleppe ut lusemidlar ved oppdrettsanlegg, seier Nesvik i ein uttale frå Fiskeridepartementet tysdag.

Departementet vil om kort tid sende ut på høyring eit framlegg til mellombelse tiltak.

Berre frå lukka brønnbåt

Her heiter det at legemidlar mot lakselus til såkalla badebehandling berre kan gjerast om bord i ein brønnbåt, og ikkje i merd med presenning.

Det mellombelse forbodet vil gjelde behandling i, og i tilknyting til, oppdrettsanlegg som ligg i reke- eller gytefelt, eller nærare 500 meter frå slike felt. Vatnet som vert nytta til lusebehandlinga skal transporterast vekk frå slike felt.

Sist veke møtte Nesvik oppdrettsnæringa for å drøfte problematikken. Tema her var bruk av brønnbåt, saman med behandling i merd på anlegget.

– Regjeringa ønskjer å legge til rette for ein berekraftig vekst i oppdrettsnæringa. Det vil alltid vere eit visst behov for å bruke legemidlar i oppdrett, men vi skal ikkje ha ein bruk som gir uakseptable effektar på miljøet, seier Nesvik i ei pressemelding.