Dagen då Flusund gravplass vil vere full kjem stadig nærare, men løysinga er framleis ikkje på plass. No har Norconsult blitt engasjert til å gjere ei gravplassanalyse, men Herøy-politikarane stoppar ikkje diskusjonen av den grunn.

Flusund framleis aktuell

Herøy kommune ønskte i utgangspunktet å utvide den noverande gravplassen i Flusund. Men ei gammal avtale inngått med grunneigarane i Flusund har sett ein førebels stoppar for desse planane, og kommunestyret la samtidig vekk planane om utviding. Det kom difor som ei overrasking då det blei kjent at Flusund gravplass skal vurderast som eit alternativ i den komande gravplassanalysen. Runar Stave (Ap) er kritisk.

– Eg lurer på ein ting. Når kommunen signerer eit papir, og det sit ein annan part på den andre sida som no trur dei har ein signert avtale. Korleis ønskjer kommunen å framstå då? Og eg spør difor, skal vi framleis snakke om Flusund gravplass? sa Stave.

Partikollega Jens Terje Johnsen var einig.

– Eg lurer på kvifor det står at vi skal utrede eksisterande gravplass. Det kan hende at grunneigarane i Flusund ser allmennytten eller at kommunen aukar tilbodet sitt, men vi kan ikkje tvinge ei utviding gjennom, sa Johnsen.

– Eit moderne samfunn

Jens Terje Johnsen meinte elles at ein må sjå litt større på heile saka.

– Vi må sjå mot byane og praksisen med kremasjon. I dagens samfunn med mykje flytting vil det vere enklare å flytte på ei urne enn ei grav. Eg synest det er rart at dette med kremasjon ikkje har blitt snakka meir fram i vårt moderne samfunn, sa Johnsen.

Etter forslaget frå Johnsen, var den tidlegare prestekollegaen Ole Brubakk (KrF) rask med å ta ordet.

– Nei Jens, kommunestyret kan ikkje vedta kremasjon, sa Brubakk.

Analyse innan årsskiftet

Stian Elveseter (Høgre) var mest oppteken av når gravplassanalysen skal vere på plass.

– Eg saknar at det står ein dato. Vi må ta ei viktig avgjersle med bakgrunn i denne analysen, og då er det viktig at dei får ein tidsfrist, meinte han.

Til det siste kunne kommunalsjef Jarl Martin Møller opplyse at gravplassanalysen skal vere på plass innan årsskiftet.