Oddbjørn Indregård gjekk gjennom den økonomiske stoda i Sande kommune per 30.06 under tysdagens kommunestyre. Han la også med nokre kommentarar på utsikta i den komande tida, men Sande-politikarane ynskjer nøkkeltala presentert oftare.

– Veit vi ikkje kvar vi står økonomisk er vi på gyngande grunn. Vi treng ikkje å vite kvar vi er den enkelte månad, men må vite korleis vi ligg an med tanke på 31.12. Om vi klarar budsjettet eller ikkje, meinte Inge-Jonny Hide (Høgre).

Nokre større avvik

Økonomigjennomgangen til rådmann Indregård synte at det er både pluss og minus i forhold til budsjettet. Blant anna ser det ut til at Sande ikkje får like mykje som budsjettert i integreringstilskot, som ser ut til å ende på minus 1,65 millionar kroner. Dette fordi Sande ikkje har hatt like stor innvandring som venta. Elles ser det dårleg ut med tanke på fondsavkastinga som i juni var 1,35 millionar under budsjett. Også på Sandetun er det eit større avvik på 682 000 kroner ettersom det har blitt mindre inntekter frå bebuarane enn venta, samtidig som bruken av vikarar har auka. Bruken av vikartenester er også eit generelt problem i Sande, då lønskostnadane i kommunen er noko høge, sjølv om fastløna er innanfor budsjett. Faktisk er heile 75 % av kostnadane til Sande kommune lønskostnader.

Må framleis spare

På den plussida ser det ut til at skatteinngangen blir rimeleg bra og at ein kanskje kan plusse på med ein million kroner her. Også «ufrivillig åleine-tilskotet» i høve kommunesamanslåingane ser ut til å ha auka, og Indregård trur at ein kan plusse på ein million kroner også her. Elles kunne rådmannen opplyse at rammetilskota er etter budsjett. Men rådmannen kunne samtidig fortelje at summeringsfeilen på 2,2 millionar kroner er blitt dobbeltsjekka og bekrefta. Difor er det framleis nødvendig å spare pengar. Helse og omsorg har blitt bedt om å ta inn to millionar kroner ekstra, men dei ser ikkje heilt korleis dei skal klare det. Sektoren jobbar på spreng for å halde det ordinære budsjettet.

– Samla status er at vi er so vidt på plussida på dispensasjonsfond ved nyttår om vi legg rapporteringa per 30.06 til grunn. Vi må difor framleis spare, sa rådmannen.

Saknar framdriftsrapportar

Einar Ekroll (Venstre) sakna både tal og rapportar.

– Vi får presentert tal som er opp mot 6 månadar gamle. Vi skulle få rapport om framdrift og status. Gode tiltak som Gjerdsvika hamn og Gursken kyrkje, eg har ikkje sett noko tal eller papir. Har det vore gjennomført anbodsprosessar? Subsidierte tomter, som Haugelia, skal gjennomførast står det. Men kor mange tomter er selde der?, undra Ekroll.

Til det siste kunne ordførar Dag Vaagen (Høgre) kome med nokre opplysningar.

– Taksten i Haugelia er 270–290 tusen, men vi har fastsett prisen til 200 000 kroner. Vi har ikkje andre val enn å ordne det slik at folk vil flytte hit. Vi treng tilflytting, sa ordføraren.

Også Jon Garen (Ap) sakna rapportar.

– Det ville vere normalt at politiske myndigheiter fekk presentert prosjekt som Gjerdsvika hamn og Gursken kyrkje. Eg forstår heller ikkje kvifor det skal vere vanskeleg med månadlege rapportar, sa Garen.

Rådmann Oddbjørn Indregård hadde nokre svar.

– Vi skal betale to innbetalingar til Gjerdsvika hamn, om lag 2,5 millionar per år. Når det gjeld Gursken kyrkje er slik restaurering ein type arbeid ein må kontakte ekspertar om. På økonomi har vi månadleg rapportering, men eg visste ikkje at vi måtte leggje dei på e-postliste, sa Indregård.