– Det er kjekt fordi her er forskjellige aktivitetar, og så får vi danse. Det er veldig bra at alle barn kan få ha noko å gjere når vi ikkje er på skulen.

Det seier dei to veninnene Adriana og Sara-Celina. Dei har begge møtt opp på Kjeldsund denne tysdagskvelden for å ta del i eit relativt nytt tilbod i indre Herøy. Før sommaren gjekk nemleg fem småbarnsmødrer saman om å stifte ei barneforeining på Kjeldsund.

Mangla tilbod

– Vi følte vi mangla eit samlingstilbod for småbarnsfamiliar, i alle fall i Myrvåg-området. Derfor samla vi oss ei gruppe på fem, og stifta barneforeining, forklarar Cesilie Sundgot, tobarnsmor og nestleiar for foreininga.

Initiativet kan sjåast i samanheng med at grenda i Myrvåg i løpet av dei siste åra har blomstra opp med fleire tilflyttande småbarnsfamiliar. Tidlegare i år, har nokre av dei som sit i styret her, også pusta liv i grendelaget i Dragsund.

– Vi er ein gjeng som brenn for å skape engasjement og aktivitet i området vi bur i, forklarar dei.

Veldig populært

Allereie før sommaren hadde dei sine fyrste to samlingar. Då blei det også tydeleg at fleire sakna eit slikt tilbod, for om lag 40 barn møtte opp.

– Så langt ser det ut til å vere veldig populært. Mange kjem ifrå nærområdet, men vi har også folk som kjem frå Hareid og Larsnes til dømes. Vi har heller ikkje sett ei grense for kor mange som kan bli med. Vi har god plass på Kjeldsund og kan bruke fleire lokale her, smiler Cesilie.

– Her er alle velkomne uansett kven du er, legg ho til.

Då Vestlandsnytt besøker fyrste foreiningsmøte over sommaren er det ikkje slett 40 barn, men nærare 30.

– Vi har ein medlemskontingent og tek litt for maten, men elles skal dette ikkje medføre store kostnadar for familiar som har lyst til å vere med, forklarar nestleiaren.

Etter planen skal foreininga samlast annakvar tysdag på Kjeldsund, som dei har booka som fast lokasjon fram til jul.

Ulike aktivitetar

Foreininga startar med at barna sit i ring på golvet, saman med foreldra. Fyrst syng dei ein eigenkomponert tekst om foreininga, etterfølgt av ein namnesong og ein bli kjent-leik. Litt meir kaotisk blir det då leiken blir litt friare, men det er då vel litt av sjarmen ved det heile.

Styret fortel at dei ikkje har lagt faste rammer for korleis opplegget skal vere.

– Foreininga kjem til å ha både faste aktivitetar, men også litt meir temabaserte hendingar som juleverkstad med jul osv. Vi har ikkje alt spikra, men noko av det faste er synging, og ein eller annan bli kjent-aktivitet. Aldersgruppa her, er også litt spreidd. Vi prøvar å ha noko for alle. Vi har for eksempel eit eige baby-hjørne for dei mindre, forklarar gjengen.

Fast kveldsmat

Etter ein time med leik og sprell er det tid for å sette punktum for dagen med kveldsmat. Over 70 pizzasnurrar blir lagde fraam, og svoltne små barn hiv seg begeistra over maten. Dei sit og nyt maten i ein halvtimes tid. Deretter vender dei heim for å lade batteria.

Avslutningsvis vil styret i barneforeininga ynskje fleire småbarnsfamiliar velkommen til samlingar på Kjeldsund.