Det har vist seg vanskeleg for Sande kommune å få på plass samarbeidsavtalar med dei andre kommunane. Sande-politikarane har også vore ueinige om kven ein skal sjå imot. Slik var det også under tysdagens kommunestyremøte.

Arnljot Muren (Ap) var den fyrste til å ta ordet.

– Vi har hatt ein diskusjon innanfor partiet, og vi meiner det er unaturleg å ikkje vere med på samtalar med Herøy/Vanylven. Vi ser kva som skjer med Ulstein og Hareid, der det til dømes er full krig om SSIKT. Herøy og Vanylven derimot samarbeider bra. Vi må utnytte potensialet i interkommunalt samarbeid, og sørgje for at også Sande får sin del av kaka. Difor må vi gjere eit skikkeleg politisk arbeid, meinte Muren.

Olav Myklebust (Sp) meinte også at ein må sjå på moglegheitene saman med Herøy og Vanylven.

– Eg reagerer på at samarbeid med Herøy og Vanylven må bety kontor i Fosnavåg. Men det er dei vi må sjå mot, ikkje minst med tanke på dei to fastlandssambanda vi vil realisere, sa Myklebust.

– Fagleg vurdering

Inge-Jonny Hide (Høgre) var derimot av ei anna oppfatning, og meinte at eit samarbeid mot Ulstein/Hareid vil vere betre.

– Valet om å tenkje større er basert på ei fagleg vurdering. Herøy/Vanylven er ei lita kommune. Om Ulstein og Hareid kranglar vil det vere glimrande å få inn Sande som ei samlande kraft, sa Høgre-politikaren.

Må tenke stort

NAV-leiar i Sande, Hilde Knotten Dyrhol, var også til stades på møtet. Ho fortalde at fylkesdirektøren for NAV Møre og Romsdal, Stein Veland, ynsker eit stort samarbeid.

– Veland ynsker store samarbeid, og har lova meir ressursar om ein slår seg saman. Veland har også støtta Sande heile tida, og meiner at samarbeidet med Hareid og Ulstein vil gje betre NAV-tenester både her og der, sa Knotten Dyrhol.

Ordførar Dag Vaagen (Høgre) håper også at ein tenkjer stort.

– NAV og barnevern har begge mykje spesialiststillingar, og det krev større einingar. Det vart ikkje som vi ynskte med Herøy og Vanylven, men vi kan framleis samarbeide med dei i større einingar, berre ikkje åleine, sa Vaagen.