Det minkar på ledige tomter i bustadfeltet på Kvalsund, men ein prosess med regulering av eit nytt byggesteg blir no sett i gang.

På grunn av arkeologiske forhold blei området som no skal regulerast teke ut av den opphavlege planen frå 2008. Den søraustlege delen var elles stor nok til å dekkje behovet den gongen, men det meste av feltet frå 2008 er no utbygt.

No er det den øvre delen av reguleringsområdet som står for tur. Planområdet består av dyrka mark som er ute av drift, men ein betydeleg del av arealet er bandlagt etter lov om kulturvern.

Tiltakshavarane ønskjer å vidareføre opplegget med tradisjonelle einebustadtomter i neste byggesteg.