Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven har saman utarbeiddd ein kystsoneplan der arbeidet no er på oppløpssida.

Her vert det lagt inn føringar om korleis sjøareala skal nyttast. Det er teke omsyn til fiskeri- og havbruksnæringa sett i høve til verdiar som naturmangfald og landskap, friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø.

– Eit godt grunnlag

– Framlegget er eit godt grunnlag for ein interkommunal plan. Det er godt forankra i alle dei fem kommunane, skriv saksbehandlar Johnny Loen i fråsegna frå fylkeskommunen.

Saksbehandlaren har ein del konkrete synspunkt på planen og detaljane der, utan at dette kan reknast som større innvendingar.

Mellom anna peikar Loen på punkt 4.4 i planen, der det dreier seg om kartlegging av kulturmiljø. Her ynskjer fylkeskommunen at det skal vere avgjort om kartlegginga skal basere seg på eksisterande kunnskap, eller om det er behov for nye feltarbeid eller undersøkingar.

Det vert også streka under at barn og unge skal vere med i planlegginga. Her er kommunane for lite konkrete, meiner saksbehandlaren.

Unike grunnkart

– Vi er svært positive til at prosessen er igangsett og ser fram til å sjå resultatet av det unike kunnskapsgrunnlaget som marine grunnkart for området gir opphav til, heiter det frå fylkeskommunen.

Det blir likevel åtvara mot å lage ein rein akvakulturplan, men ein plan som skal avklare ulike interesser i sjøareala.

– Kulturminna er viktige kunnskapsbasar om fortida, opplevingar der historia kan bli formidla vidare no i vår tid, og estetiske perler i stort sett naturleg landskap. Mange av desse ligg nær sjøen og vert såleis påverka av nye, fysiske kontruksjonar og aktivitet i sjøarealet, sjølv om kulturminnet i seg sjølv ikkje inngår i den nye arealplanen, heiter det frå saksbehandlar Johnny Loen.

I fråsegna gjer fylkeskommunen spesielt merksam på ein del av desse, og har lagt til korte kommentarar om kvart enkelt kulturminne:

Vanylven

1. Åheim naustmiljø ligg inne i hamneområdet, og er eit typisk naustmiljø med støer. Regional verdi.

2. Slagnes dampskipskai. Regional verdi.

3. Vanylven kyrkje, Slagnes. Regional verdi. Visuell påverknad og lyd er uheldig.

4. OB-kaia og naustmiljø i Fiskå sentrum. Ligg saman med eldre miljø av hus og er verna gjennom reguleringsplan. OB-kaia har vore det utstikkande punktet der det var djupt nok til ein større båt og det er uheldig dersom det vert fylt for mykje i sjøen i nærområda.

5. Åram kyrkje. Visuell påverknad og støy er ikkje ønskeleg.

6. Espeneset, HKB 36/976 Aaram. Krigsminne med regional verdi. Visuell forstyrring er ikkje ønskeleg.

7. Syvde kyrkje har nasjonal verdi. Visuell støy og lyd vil vere negativt.

8. Rovde kyrkje har nasjonal verdi. Visuell støy og lyd vil vere negativt.

9. På Hakallestranda og elles i Vanylven er ein del eldre naust og støer der det er brukt mykje stein. Nesten berre taka er av tre. I Vanylven var det dårleg tilgang på trevirke i periodar, og dette er viktige kulturminner i Vanylven som bør bli vurdert og tekne omsyn til.

Sande

1. Årvika. Ferjekai og gardsmiljø har stor tidsdjupne og regional verdi. Visuell forstyrring ikkje ønskeleg.

2. Gursken kyrkje har regional verdi. Visuell støy og lyd er negativt.

3. Haugsbygda Sjøhus har regional verdi.

4. Longva mekaniske verkstad med smie og slip.

5. Hamneanlegg på Hide. Dette er eit «beskjedent» kulturminne som fort kan bli borte dersom det ikkje vert halde avstand.

6. Sandsøya kyrkjestad med Sande kyrkje har nasjonal verdi. Visuell støy og lyd er negativt. Naustmiljø høyrer til.

7. Sandshamn kulturmiljø har regional verdi.

8. Hellandsvågen på Sandsøya.

9. Losplass og Losnaust Hellandsvågen

10. Naust Gangestø på Voksa.

11. Gardsmiljø på Riste ligg i tillegg innanfor naturreservat.

12. Haugsholmen kulturmiljø med Haugsholmen fyr har regional verdi.

Herøy

1. Herøy gard og kyrkjegard er kyrkjestad og handelstad med nasjonal verdi. Landskapet ikring er ein viktig del av opplevinga.

2. Stokksund kyrkje har regional verdi. Visuell påverknad bør unngåast.

3. Kjeldsund handelstad har regional verdi.

4. Dragsund bruvaktarbustad og landskapet ikring har regional verdi.

5. Leikong landingsvorr har regional verdi.

6. Leikong kyrkje har regional verdi der visuell kontakt med sjøen er viktig.

7. Flåvær kulturmiljø har regional verdi.

8. Skorpa natur -og kulturlandskap har regional verdi.

9. Mulevika natur- og kulturlandskap har regional verdi.

10. Neremslipen, Voldnes-eigedommen og sjøhus i Fosnavåg har regional verdi.

11. Runde hamn har regional verdi.

12. Runde fyr har nasjonal verdi.

13. Loshytta på Runde har regional verdi.

14. Goksøyra med naust og kulturlandskap har regional verdi.

15. Naustrekka i Rundebygda.

16. Svinøy fyr er eit regionalt kulturminne.

Ulstein

1. Grasøyane fyrstasjon har nasjonal verdi.

2. Borgarøya handelsstad har regional verdi.

3. Håkonsholmen handelsstad har regional verdi.

4. Vattøya skule har regional verdi.

5. Kulturlandskap på Haddal har regional verdi. Her handlar det om steingardar og steinbruk i arealet ned mot sjøen.

6. Naustrekka på Flø.

7. Ulstein kyrkje der sjøkontakt er viktig.

8. Gamle Ulstein gravplass utover mot Flø har nasjonal verdi og er freda.

9. Gravplass og kulturlandskap kring Osneset, inkludert Oshaugen og vrak på Osnessanden som er automatisk freda.

Hareid

1. Kvitneset kystfort har regional verdi

2. Ishavsnæringa i Brandal, ishavsmuseet og sjøhus i området har regional verdi. (pakkhus, Risenaustet, guanomylna mm.)

3. Tampenbuda i sentrum Hareid, ute på piren.

4. Naustrekka i Liavågen.

Fylkeskommunen syner til at Sande og Hareid har eigne, godkjende kulturminneplanar der nokre av objekta er nærare omtala og prioriterte. Dei andre kommunane er enno ikkje ferdige med sine planar. I høve ferdigstillinga av den felles kystsoneplanen ber fylkeskommunen no kommunane om å vurdere omsynssoner – også ut i sjøen – kring kulturminna.

Fylkesmannen sin merknad

Fylkesmannen er også positiv til utarbeidinga av ein felles plan. Han minner om at det i år blir avslutta eit prosjekt om marine naturtypekartleggingar på Søre Sunnmøre, og ber dei ansvarlege ta omsyn til dette prosjektet når det er ferdig.

Han ber dessutan kommunane om å ta omsyn til sårbar marin natur, spesielt førekomstar av korallar og raudlisteartar. I tillegg ber Fylkesmannen om å setje krav til støy i kystsoneplanen. I dag får Fylkesmannen ein del klager på støy frå akvakultur og industri knytt til sjøareal.