– Slike kampar er alltid kjekke. Vi gler oss til å ta imot naboen. Dette blir bra.

Det seier Toni Sandanger i forkant av kveldens lokaloppgjer på heimebane. På døra bankar eit «sugent» LGFK.

– Men her på heimebane får dei ingenting gratis med oss. Vi lovar kamp frå fyrste stund, legg Sandanger til.

Tonen frå LGFK sin spelande trenar, Anders Vaagen, spelar i same skala som Bergsøy-trenaren.

– Vi skal no naturlegvis vinne, seier ein optimistisk Vaagen til Vestlandsnytt, og legg til:

– Eg håpar berre ikkje det er nokon som seinkar skuldrane. Bergsøy utvilsamt er favorittar før ein slik kamp. Vi treng alle poeng vi kan få.

Viktig for begge laga

Bergsøy har ikkje råd til å tape ein einaste kamp om dei har ynskje om å kjempe om fyrsteplassen i 4.-divisjon.

– Heimetapet mot Ørsta gav oss ein kollektiv mental knekk, men etter førre vekes fenomenale prestasjon på bortebane mot SIF/Hessa er vi motiverte, seier Sandanger.

LGFK har tatt sju poeng dei siste tre kampane sine og står litt tryggare i divisjonen, i alle fall slik kabalen er lagt opp no, men Vaagen sjølv påpeikar: Dei treng dei poenga dei kan få.

Skadar på heimelaget

Bergsøy slit som kjent framleis med nokre spelarar som er ut med skade. Ei gledeleg nyheit er elles at Joachim Magnussen er skadefri og klar til kamp. Sandanger hinta også om at Sveinung Tilseth Sæterås, Bergsøy sin nyaste spelar, blir å sjå i aksjon.

LGFK stiller elles mannsterke, med unntak av Jørn Olsen som spelte på seg eit raudt kort i førre heimekamp mot Sykkylven.

Sist gong dei to laga møttest var i mai. Då var det Bergsøy som slo til med ein 2–0-siger på River Plate stadion.

Håpar på solid folkeramme

Begge dei to trenarane oppmodar folk i Herøy og Sande til å leite fram lokalpatriotismen i seg og bidra til å skape ei god folkeramme rundt lokaloppgjeret fredag kveld.