På dagtid var det berre Lars som var heime, for Per reiste tidleg om morgonen til Fosnavåg på arbeid og kom ikkje heim til Husholmen før seint på ettermiddagen. Ved Flåvær skule var det den gongen berre éin elev, Asgeir. Han byrja i 1.-klassa hausten 1981 og var elev der til sommaren 1984. Då vart Flåvær skule nedlagd, og Asgeir vart overført til Moltu skule.

I tida på Flåvær var Asgeir og eg ofte på besøk hos Lars, eller Husholm-Lars som han helst vart kalla. Oftast fann vi han i smia hans, som låg heilt nede ved sjøen, attmed ein liten slipp. Lars, som då tok til å nærme seg 80, hadde vore både fiskar, utesiglar, smed, bonde og fyrvaktar og heilt sikkert mykje anna. Han hadde hatt både kyr, sauer og griser og høns på Husholmen. Lars var flink til å ta vare på det vesle som vaks på holmen. Tang og tare vart nytta til å spe på fôret med, eller det vart brukt til gjødsling.

Far til Lars kom frå Skorpa. Då han flytta til Husholmen i 1903, tok han like godt med seg huset til den vesle holmen og skifta samtidig etternamn frå Skorpen til Husholm. Året etter vart Lars fødd.

Asgeir og eg hadde lese litt om Flåvær-holmane i «Herøyboka» og hadde tenkt å spørje Lars om namnet på holmen kom av at faren hans hadde teke med seg huset frå Skorpa. Men vi gløymde å spørje om det.

Lars fortalde oss at han gjekk alle dei sju åra i folkeskulen på Skorpa. Det gjorde også bestekameraten og tremenningen hans, Anfinn Skorpen, som budde på Torvholmen. Dei to gutane var like gamle. Då dei skulle opp i sjuandeklassa, vart det skuleundervisning også på Flåvær, men dei to kameratane tok også det sjuande og siste skuleåret på Skorpa, for dei var komne så godt inn i rytmen, forklarte Lars.

Seinare reiste dei to kameratane, saman med fire andre frå Herøy, ut i den store, vide verda. Dei seks mønstra på lasteskipet «Bjørnstjerne Bjørnson». Dei kom først til New York. Lars var også med til Buenos Aires i Argentina, der han feira jul i 1923. På same turen var 19-åringen innom Montevideo i Uruguay.

Etter ha vore ute til sjøs eit år bestemte Lars seg for å vende nasen heimover.

Då han kom heim til Husholmen, hadde faren kjøpt ein part i ein båt. Dei neste åra var Lars med denne 43-fotingen, som heitte «Ured», både på Lofoten med torskegarn og på sildefiske og torskefiske her sør. «Ured» vart også brukt på Storegga. Seinare kjøpte Lars to båtar som han kalla «Lun», den eine i 1932 og den andre i 1945. Båtane vart for det meste nytta til reketråling, mellom anna i Herøyfjorden.

Ein maidag i 1961 låg Lars og tråla på Vikedjupet. Plutseleg vart trålen så unaturleg tung. Lars trudde først det var botnastans, men det gav etter, og med mykje strev fekk han nota opp. Det var ei storkveite som hadde vorte med. Ho vog 104 kilo i kappa tilstand.

Lars dreiv med tråling heilt til han var 72 år. Då syntest han det var på tide å pensjonere seg.

Få kjende så godt til médene som Lars, og han visste om kvar ein sandbotn og kvar ei grunne. Han sa spøkefullt at han kjende havbotnen betre enn det ekkoloddet gjer, og fortalde om den gongen han kjende på vaieren at det var tarebotn, medan ekkoloddet viste feil.

Både Asgeir og eg syntest det var både kjekt og interessant å høyre Lars fortelje om kva han hadde opplevd på vesle Husholmen og ute i den store, vide verda. Når vi kom attende til skulestova, brukte vi å snakke om alt det spennande denne tusenkunstnaren hadde fortalt. Sjølv om karta på Flåvær-skulen var nesten frå steinalderen, fann vi likevel alle byar og land Lars hadde fortalt om.