Lagmannsretten har etter ei samla vurdering kome til at det er klar sannsynlegheitsovervekt for at gjelda til bedrifta på Moltustranda overstig verdiane i selskapet.

Slik konkluderte Frostating lagmannsrett då ankesaka nyleg var oppe til behandling. Anken var framsett av North Sea Seafood, som saman med tre andre kreditorar presenterte eit krav på 20 millionar kroner då saka var oppe i tingretten. Krava knytta seg til levert fisk som Sunsea Seafood ikkje hadde betalt for.

I motsetning til tingretten, som kom til at kreditorane ikkje hadde greidd å bevise Sunsea sin insolvens, slår lagmannsretten beina under fleire av selskapet sine eigne forklaringar på betalingsdyktigheit.

Misvisande bilde

På det sentrale spørsmålet om det er verdiar nok i selskapet til å dekke alle forpliktelsane, har Sunsea lagt fram ein balanserekneskap som viser ein samla eigenkaital på vel 7,8 mill. kroner. Lagnmannsretten viser til at denne rekneskapen er det selskapet sjølv som har sett opp, og den er ikkje revisorgodkjend.

Kreditorane meiner rekneskapen er misvisande og stiller spørsmål ved realverdien til fleire av postane som maskin og transportmidlar, varelager og kundefordringar konsern.

Lagmannsretten er einig med den ankande parten i at kundefordringar konsern i utgangspunktet ikkje kan reknast å ha verdi. Her blir det lagt til grunn at det eine søsterselskapet er under konkursbehandling (Sunsea As), og det andre under avvikling (eigedomsselskapet).

«Intet til utlegg»

Når det gjeld verdiane som ligg i maskinar, utstyr og varelager viser lagmannsretten til dei to utleggsforretningane som har vore halde i Sunsea Seafood. Både i april og i august var resultatet «intet til utlegg». Dette meiner lagmannsretten er ein klar indikasjon på at det ikkje finst frie midlar i selskapet.

Etter ei samla vurdering har lagmannsretten kome til at selskapet ikkje er istand til å betale fordringar etter kvart som dei forfell. Det finst heller ikkje realverdiar som overstig gjelda til selskapet. Vilkåra for å opne konkurs er difor til stades.

Thore Heggen er oppnemd til bustyrar.