Men det var ikkje først og fremst «feiring» som førte ekspertane saman. Snarare tvert imot. Den totale fredinga av kongeørn og havørn i Noreg står nemleg i fare for å bli lempa på, noko Alv Ottar Folkestad og resten av dei frammøtte på Brekkegarden er sterkt imot.

For nokre år sidan vart Folkestad beden av Norsk Ornitologisk Forening om å vere deira kongeørn-ekspert.

– Eg skulle jobbe med forvaltning av kongeørn, fordi det er blitt veldig aktuelt dei siste åra, seier han.

Fortviler over stortingsforslag

Bakgrunnen for ørneekspertane si bekymring er at Stortinget i 2016 bad Klima- og miljødepartementet sende eit forslag til endringar i reglane rundt skadefelling av kongeørn på høyring. Eit fleirtal på Stortinget vedtok óg ei forsøksordning på Fosen-halvøya i Trøndelag og i Troms.

– Enkelte oppfatta dette vedtaket som eit forsøksprosjekt for å avlive kongeørn før reinsesongen i ein del område, for å sjå effekten av det, seier Folkestad.

Forsøksordninga var eit resultat av fokuset på ørna si rolle i tap av lam og reinkalv dei siste åra. Men ifølgje ørneekspertane rundt bordet i Brekkegarden denne fredagen, har kongeørna ei nærmast ubetydeleg rolle for tap i husdyrbestandane.

Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening seier vedtaket i Stortinget er bygt på feilaktig grunnlag og lite kunnskap.

– Alv Ottar prøver å samle den kunnskapen som er og arrestere folk på forskjellig forvaltningsnivå. NOF har mobilisert stort og mellom anna hatt ein underskriftskampanje, der vi fekk inn 20.000 underskrifter. Men dette er ein evig kamp, seier han.

– Vi ser eit intenst behov for å setje fokus på den kunnskapen som er blitt samla i løpet av dei 50 åra ørnene har vore freda. Målet no er å sortere informasjonen på ein oversiktleg måte, slik at det skal vere uunngåeleg for dei som sit med makta å oversjå han, seier Folkestad.

(Saka held fram under bildet)

På seminaret: Martin Eggen (Norsk Ornitologisk forening), Hallgeir B. Skjelstad (ørneentusiast og tidlegare rovdyrkontakt hos fylkesmannen i Akershus), Alison McLennan (RSPB), Ingar Støyle Bringsvor, Alv Ottar Folkestad, Jan Ove Gjerdshaug (NINA), og Torgeir Nygård (NINA). Foto: Josefine Spiro

«Prosjekt havørn»

Alv Ottar Folkestad har, sidan starten i 1975, vore leiar av «Prosjekt havørn» i Noreg.

– I byrjinga handla prosjektet mest om kartlegging og innsamling av informasjon om havørnbestanden i Noreg, men etter kvart har det blitt meir som eit overvakingssystem, seier Folkestad.

I 1985 byrja Fylkesmannen i Møre og Romsdal med inspeksjon av lam som vart mistenkt drepne av freda rovdyr, og to år seinare vart det etablert eit landsdekkande nettverk med tilsetjing av personar som utførte desse undersøkingane.

– Eg hadde denne rolla på Søre Sunnmøre frå 1987 til 2014, då eg etter statens reglar var for gammal til å halde fram. Men eg hadde lenge funksjon som mentor for andre som jobba med identifisering av kongeørnskade, seier Folkestad.

– Tek ikkje mange lam

Ifølgje Folkestad, figurerte han sjølv på topp mellom dei som har mista lam til kongeørn i Møre og Romsdal i fjor.

– Og det var eit kjederesultat av at to laushundar jaga saueflokken under lamminga. Heile flokken rauk ut i ope terreng og heldt fram med lamminga i ope landskap. Det gjekk ei veke før dei fekk roa seg såpass at dei kom tilbake, seier han.

Totalt seks lam skal ha blitt tekne av kongeørn i Møre og Romsdal i fjor.

– Og dette er eit fylke med tett kongeørnbestand og mykje sau (rundt 150.000 på sommarbeite). Viss tap til kongeørn hadde vore eit stort problem, hadde det vore det her og, seier Skjelstad.