Go Group har spurt kommunen om å få kjøpe huset til bustad for tilsette. Som kjent har Kong Arthurspelet kome med eit ultimatum: Utan «Sandebu» vert det ikkje noko spel.

Det er det litt kinkige bakteppet for saka som er oppe til politisk behandling.

– Spelet er tydeleg, og kjøparane opprettheld si interesse, sa ordførar Dag Vaagen (H). Han hadde likevel landa på å selje til næringslivet, men med eit «utvida tilbod» til spelet om å få bra fascilitetar i form av oppvarma telt og andre nødvendigheiter under tak. Kommunen har også konkludert med at det er behov for eit eige telt, til dømes til å sette stab i krisesituasjonar.

Anne-Marte Beitveit og Helge Støylen, begge frå Sande Vest, vil også at huset kan nyttast til busetting. Det same sa Kari Grønnevik (Sp), som i ei årrekkje var aktiv i spelet.

– Det er litt råflott med eit eige spelhus som vert nytta så sjeldan, sa Grønnevik.

Før endeleg avgjerd blir teken, signaliserte formannskapet at dei vil drøfte saka endå ein gong med dei to hus-interessentane.