Der var minst to av dei, berre den delen av veggane som var laga av stein, stod att. Under krigen veit vi at desse fjøsane kom til nytte på ein heilt spesiell måte, nemleg til å skjule folk som ville bli eller var forfylgt og måtte over til England. Der fann dei lé for regn og vind medan dei venta på skyss, og var vanskeleg å oppdage av Wehrmacht.

Rundt 1990 gjekk Herøy Rotary-klubb i gang med å restaurere den eine av fjøsane, med Roald Sporstøl som fagleg leiar for arbeidet. I 1992 var arbeidet gjort, og det vart arrangert eit stort innviingsarrangement ute i Skorpesundet. Vi frakta ut ei lita flytebryggje slik at gjester lett kunne kome seg på land. Der er ulendt i fjøra. Eit par store bilbatteri vart med for å kunne nytte høgtalarar for talarar og informasjon. Det vart invitert mange gjester med tilknytning til englandstrafikken, mellom anna ein marineoffiser, historikar Ragnar Ulstein og døtrene til Shetlands-Larsen.

Arrangementet var heldig med vêret, stille og sol. Ein heil del fritidsbåtar tok turen i sundet, og ein heil flokk med interesserte kom på land. Marinen stilte med eit fartøy, truleg «Hitra». Mellom andre helsa marineoffiseren frå forsvaret, og fofattaren Ragnar Ulstein fortalde soga om vårfjøset i Skorpesundet.

Etter eit triveleg arrangement der ute, gjekk turen inn til eit veldekka bord i eit triveleg lokale i Fosnavåg sentrum, med fin servering, og fleire fekk høve til å fortelje episodar frå vårfjøset si viktige oppgåve i krigens dagar.

Herøy Rotaryklubb har etter dette innviingsarrrangementet, hatt som årleg oppgåve å ta ein tur ut til fjøset og sjå etter at dette «minnesmerket» har klart seg over vetteren, og har med det som trengst for å reparere eventuelle skader frå storm og nedbør. Dette vart gjort no sist tysdag. Litt spesielt var det at jekta «Anna Olava» vart nytta som fraktefartøy for «reparatørane». Jektene var i sine mange hundre års bruk aldri noko krigsfartøy, men eigna seg godt til denne oppgåva.

Gudmund Solstad, Herøy Rotaryklubb