Det er berre nokre få år sidan Larsnes Last og Buss bygde ut verkstadhallen. No er dei i gong med ei oppussing av kontorlokala og har samtidig auka talet på tilsette ved bedrifta til 17, noko som gjer dei til ein av dei største verkstadane i distriktet. Ein av gevinstane som følgje av satsinga er at dei kan halde ope lengre og difor tilby eit større spekter av tenester.

– Vi er ganske stolte av opningstida vår som er frå sju om morgonen til ni på kvelden, seier dagleg leiar Karl Herman Nystøyl.

For Larsnes Last og Buss var 2017 eit veldig godt år, og det var difor litt venta at det ikkje kom til å gå like bra i år.

– 2017 var det eg vil kalle for eit ekstraordinært år, og sjølv om ein kanskje kan seie at det har gått litt tyngre i år, er eg optimistisk med tanke på framtida, seier Nystøyl.

Satsar på marine kraner

Eit av grepa dei har gjort for å auke aktiviteten er ei satsing på marine kraner, der dei til no har selt 5 stykke på kort tid.

– Dei fleste er også selt lokalt, og Aasmund Torvik og Lextor Marine er ein stor kunde for oss når det gjeld marine kraner, seier Nystøyl.

– Når det gjeld dei marine kranene so har dei gitt oss mykje meir arbeid, då det er ein del flytting. Vi gjer spesielt mykje ettermontering på desse kranene, seier Sveinung Leine, ein av dei som er mest engasjert i kran-aktiviteten ved verkstaden.

Elles so fylgjer også marine kraner med på den digitaliseringa som vi ser elles i samfunnet.

– Det nye no er sokalla «Internet on Crane» som har gjort det mogleg å logge seg inn på krana for å sjekke bruksmønsteret, samtidig som krana no varslar om havari sjølv, noko som gjer at vi slepp å reise ut berre for å konstatere at den må på verkstad, seier Leine.

På grunn av det stadig aukande forbruket av salt og sand på vegane vinterstida her i Noreg, rustar bilane fort. Også dei nye bilane er utvikla for eit anna klima enn vårt, og det er difor heilt nødvendig med litt ekstra understellsbehandling. Noko Larsnes Last og Buss no tek på alvor.

– Vi byrja å tilby merkevara Tectyl no i juni. Dette er ei understellsbehandling med lang erfaring, seier Nystøyl.

Når lokalavisa vitja Larsnes Last og Buss var den delen av verkstaden der Tectyl-behandlinga føregår ein av dei stadane det var stor aktivitet. Og dei reknar med at det skal bli meir aktivitet ved Tectyl-delen av verksemda utover hausten.