Etter å ha varma godt opp det fyrste kvarteret av bortekampen mot SIF/Hessa, sette Bergsøy for alvor kampen i høggir då dei tok tre mål på rappen.

I det 16. speleminuttet sørga Andrius Petreikis for kampens fyrste mål til Bergsøy. SIF/Hessa rakk vel knapt å ta innover seg målet til gjestane, for berre eit minutt etter var det Pijus Marcinkevicius sin tur. 2-0 til Bergsøy. Men to-måls leiing var ikkje bra nok for Marius Sporstøl. Han bestemte seg for å hamre inn kampens tredje mål 25 minutt inn i kampen. Stillinga stod 3-0 til pause

- Vi leverer ein kjempeomgang fyrste 45 minutta. Det var ein fantastisk prestasjon frå laget og målscorarane, og det beste er at det kunne ha blitt fleire mål, seier ein nøgd trenar, Toni Sandanger.

- Godkjent pluss

Andre omgang såg ei stund ut til å bli ein mållaus affære, men Andrius Petreikis var ikkje ferdig for dagen. I det var litt over 10 minutt igjen av ordinær speletid sette han kampens fjerde mål. Om kampen ikkje var avgjort mykje før, var han i alle fall det då. Kampen enda 4-0 til Bergsøy.

- Dette var ein vanvitig prestasjon, spesielt med tanke på at vi fekk oss ein mental knekk i førre veke då vi tapte mot Ørsta på heimebane. Ja, dette var ein strålande kamp. Eg gir karane godkjent pluss i dag, skryt Sandanger etter kampen.

Ny spelar i stallen

Ein spelar som debuterte i Bergsøy drakt i dag var Sveinung Tilseth Sætreås.

- Dette er ein spelar vi er svært stolt av å ha fått med på laget. Han kjem til å heve oss, konkluderer Sandanger.

Lokaloppgjer neste veke

Den neste kampen for mannskapet til Toni Sandanger blir på heimebane mot Larsnes/Gursken.

- Det er alltid kjekt med slike lokaloppgjer. Vi gler oss til å ta imot naboen. Eg reknar også med det blei ei god folkeramme rundt kampen, avsluttar Toni Sandanger.

BergsøySIF/HESSA
Petter Meland AasenCraig Stuart RogersFrank Sverre Kopperstad SkorpenDani Rønnestad HanseBenjamin LeinePijus MarcinkeviciusEspen Langlo DrivekleppAndrius PetreikisMarius SporstølThomas Leikanger SkarFranjo TepuricInnbyttarar:Jakob NerlandSveinung Tilseth SæteråsStian Toft ZahlRobert Alan MoltuHåkon Rødseth KjølsøyLars Kringstad BjerknesMarius AamSvein-Egil Almås LøsethInge-André GodøChris-Rune PickardOle-Johan Røsand LindgrenKristian KlementsenRobin Nærø HessenJan-Erik Slinning PedersenMathias Kristensen SandøInnbyttarar:Alexander NalbantSondre Steinsbu KjølsøyJohn Martin BergJohann Barstad LadeDennis TennebøMathias Hast SørliHans-Kristian Malmedal