I løpet av fyrste halvår hadde NAV betalt ut femti prosent meir enn kommunen sette av for heile 2018 til slike utgifter. NAV-leiar Jarle Stordal ser ikkje noko som tyder på at utbetalingsgraden vil gå ned resten av året, og dermed ligg det an til at sosialhjelpsbudsjettet blir overskride med 200 prosent før året er omme.

Seks millionar kroner hadde NAV Herøy betalt ut då fyrste halvår var unnagjort, medan det for heile året var budsjettert med fire millionar kroner.

Altfor lågt budsjettert

NAV-leiaren fortel at han var tidleg ute med å varsle kommuneadministrasjonen og politikarane om kva veg det såg ut til å bere. Likevel opplevde han at det blei avsett mindre pengar enn året før til å hjelpe folk som ikkje greier seg sjølv.

– Det blei budsjettert altfor lavt, seier Stordal, og fortel at han varsla kommunen med det same han blei klar over at den alvorlege trenden frå siste kvartal i fjor forsterka seg i fyrste kvartal i år.

Etter det har det berre klaka på seg, slik at etter berre nokre få månader var heile årsbudsjettet brukt opp.

Nølande av kommunen

– Vi var tidleg ute med å varsle, men fekk beskjed frå kommunen om berre å sitte roleg i båten, seier Stordal.

Han meiner kommunen har vore altfor nølande med å sette i verk tiltak å møte den urovekkande utviklinga med.

Ny situasjon for Herøy

Ifylgje NAV-leiaren er det ein ny situasjon for Herøy kommune med slike utgifter på sosialbudsjettet. Han viser til at Herøy tradisjonelt sett har ligge under nabokommunane i utbetalingar til sosialhjelp. Til dømes betalte Ulstein kommune ut 12,3 millionar kroner i fjor, medan talet for Herøy var 6,3 millionar.

I år er det alt som tyder på at også Herøy kjem opp i tolv millionar, og kanskje meir, og i lys av det er det grunn til å stille spørsmål om kvifor kommunen faktisk budsjetterte med ein nedgang i høve til året før.

Fleire årsaker

Stordal kan peike på fleire årsaker til at utbetalingane av økonomisk sosialhjelp har auka så kraftig som dei har gjort i Herøy. Fleire av dei relaterer seg til situasjonen på arbeidsmarknaden, der Herøy har hatt større problem enn dei aller fleste kommunane i fylket det siste året.

– Ei framtredande årsak er innstramminga av regelverket for arbeidsavklaringspengar. Det har ført til at folk som ikkje kjem seg i arbeid, må over på sosialhjelp tidlegare enn dei måtte før, forklarar han.

Andre viktige årsaker som NAV-leiaren kan peike på, er avslag på uføretrygd, eller at uføretrygda ikkje strekk til, samlivsbrot, nye ankomne flyktningar/familiegjenforeining, permisjonar frå introduksjonsprogrammet og mangel på kommunale naudbustader.

Får kutta straumen

At kraftselskapet har begynt å køyre ei hardare linje i høve til å stenge av straumen til folk som ikkje greier å betale, viser òg igjen på sosialhjelpsutbetalingane.

– Enkelte må betale store summar for å få opna straumen igjen, og då må vi trø til og hjelpe, seier Stordal.

Store skilnader i Herøy

Stordal meiner Herøy må karakteriserast som ein veldig spesiell kommune, med store skilnader mellom dei som er rike og dei som er fattige. At barna går på same skule meiner han gjer det ekstra vanskeleg å vere fattig.

NAV-leiaren har òg grunn til å tru at behovet for hjelp er større enn det som kjem fram av tala.

-– Det er dei som er for stolte til å be om hjelp, og difor når vi ikkje fram til alle som treng det, slår Stordal fast.

Også noko positivt

Ifylgje NAV-leiaren sine tal er det i dag 167 personar på økonomisk sosialhjelp i Herøy. 60 nye brukarar kom til i fjor, og i år har det kome til ytterlegare 42. Til no i år har brukarane fått utbetalt 38.188 kroner i snitt, som er ein svak nedgang frå i fjor. Gjennomsnittleg sosialhjelpstid er 108 dagar, mot 137 tidlegare.

Lengda på sosialhjelpstida minkar, og talet på brukarar under tretti år går også ned.

– Sjølv om vi betalar ut mykje meir, så er det også ein del positive trendar som vi tek med oss, seier Stordal.

– Må kunne brukast til noko

57 personar i Herøy har i dag økonomisk sosialhjelp som viktigaste inntektskjelde, og er såleis «heiltidstilsette» i Herøy kommune.

Er det ikkje noko kommunen kan bruke desse personane til slik at dei lettare kan bli sjølvhjelpte?

Dette spørsmålet finn NAV-leiar Jarle Stordal det på tide å stille etter den alarmerande auken som utbetalingane av økonomisk sosialhjelp har hatt i Herøy det siste året.

Ifylgje NAV-leiaren gjer kommunen for lite, på mange område, for å avhjelpe situasjonen. Eit stikkord her, i tillegg til aktivisering av sosialhjelpsmottakarar, er bustadsituasjonen og mangel på naudbustader i kommunen.

– I verste fall må vi leige overnatting på hotell til folk som må ha tak over hovudet. Då blir det fort pengar av det, illustrerer Stordal.

NAV-leiaren sin påstand er at det er dei mange innsparingstiltaka til kommunen som no viser igjen på sosialhjelpsutbeta- lingane i Herøy.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad ønskjer ikkje å kommentere detaljane i saka, men seier det vert gjort nærare greie for utviklinga i økonomisk sosialhjelp i samband med økonomirapporteringa per 31.07. I tillegg vil eg be om ei sak om sosialhjelp med framlegg til tiltak til neste formannskapsmøte.

Mørenett gjennomfører fleire stengingar enn før

Mørenett gjennomfører fleire stengingar enn før, stadfestar seksjonsleiar Helge Muren.

Frå Mørenett har vi fått denne skriftlege kommentaren til at dei har blitt strengare i reaksjonane overfor straumkundar som ikkje gjer opp for seg:

«Mørenett erfarer ei aukande mengde kundar med betalingsvanskar, og som ein konsekvens av dette gjennomfører vi fleire stengingar enn før.

Kundar med betalingsvanskar, ynskjer vi tek kontakt med oss tidleg, slik at vi eventuelt kan tilby ein nedbetalingsavtale.

Sjølv om stenging av straum kan følast brutalt, er det viktig å stenge leveransen før gjeld utviklar seg til eit nivå som vert vanskeleg å betene for kunden.

Mørenett jobbar no aktivt med både system og rutine, og det kan nok opplevast at vi er raskare med å utføre stenging enn tidlegare. Men stenging skjer uansett tidlegast 9 veker etter forfall av faktura. Og når vi stenger, er det i høve tilknytingsvilkåra våre, forbrukarkjøpslova og retningslinjer frå Energi Norge. Dei som vert stengt har dessverre oftast mange ubetalte rekningar, og kvar rekning er følgt opp med purring, inkassovarsel og stengevarsel.

Vi tek ulike omsyn, som å ikkje stenge ved låge temperaturar, i ferie, fredagar og ved høgtider. Vi prøver også å unngå tingskade, og kunde vert varsla på SMS ved både ut- og innkopling.

Vi er også positiv til dialog med NAV, så lenge det er mogleg ut frå personvernomsyn. Men viktigast er at kundar med betalingsvanskar tek kontakt med oss tidleg, slik at vi kanskje kan finne løysingar og unngå stenging».

Muren har ikkje tal å legge fram som viser kor mange stengingar dei har gjennomført i Herøy det siste året.