Eg kunne svare med ein gong at det er feil; Warholm- namnet kjem frå Varholmen på Flåvær i Herøy i Møre og Romsdal.

Eg skreiv ei lita sak i Regionavisa, og Brønnøysunds avis la ut ei sak på nettet med fylgjande overskrift; « Karsten Warholm er frå «feil» Varholmen»

Tippoldefaren til Karsten, heitte Johan Elias Nikolai Rasmusson Varholm fødd på Varholmen i Herøy i 1848- død i 1928. Han flytta til Ulsteinvik og tok W som første bokstav i etternamnet sitt. Fasiten er ikkje til å tvile på.

Men dette spørsmålet skulle dukke opp på nytt, eit år seinare.

Tidleg om morgonen, dagen etter at Karsten tok EM-gull, kom det ei tekstmelding frå ei dame frå Sunnmøre, som arbeider i Trondheim. Ho hadde hamna i diskusjon med ein kollega frå Nord- Norge, og hadde behov for bistand. Tekstmeldinga var kort; «Kvar stammar Warholm-namnet frå.? Ho fekk kjapt svar frå meg, og seinare på dagen stadfesta ho at diskusjonen var slutt. Nei, det har ikkje noko med Varholmen i Nordland å gjere.

Men, er dette viktig, er dette noko å bruke tid på? Ja, det er ein gong slik at når nokon gjer ei bragd anten det er i idrett eller på andre område, så kjem spørsmålet om røtene opp. Kvar stammar dei ifrå, kven er dei. Når ein er ung er kanskje ikkje dette så viktig, eg trur ikkje Karsten sjølv er så oppteken av det.

Då kombinertløparen Tom Sandberg frå Mo i Rana vart olympisk meister i 1984, var det ei avis i Lofoten som triumferande kunne melde at dei hadde funne oldemora hans, i avisas nærområdet. Det er klart vi vil eige litt i heltane, alle saman, det er no berre kjekt.

Men tilbake til Varholmen. I gamle, og til dels nye kart, er den merka med Vardholmen, det er referanse til ein varde. Det er eit sjømerke bygd opp av stein og skulle fortelje dei sjøfarande kvar dei var.

Fyret er plassert ute på vestspissen av Varholmen, og vart fyrste gang tent i 1870, og i 1979 vart det automatisert. Fyret har ein blank sektor vestover som viser veg inn Flæværleia.

Det har budd folk på Varholmen sidan 1700-talet, og den fyrste som flytta frå holmen, flytta i 1772. Han heitte Rasmus Sjurson Vik og var frå Syvde. Han hadde bygsla Varholmen og flytta utan å seie opp. Han vart stemd av jordeigaren Christian Rønneberg i 1774.

Ein annan brukar av Varholmen var Solmund Pederson Skare, som var brukar frå 1811 til 1825. Han vart innkalla som vitne i ei rettssak 12 desember 1814, ei rettssak om eit forlis som hende ved Flåvær i november same år To mann frå Igesund måtte sone på tukthus fordi dei hadde stole frå lasten. Og to mann ifrå Vikane fekk «streng irettesettelse». Båten som forliste var ei råseilerjekt som var heimehøyrande i Volda, etter det som står i sjøforklaringa, omkom alle mann!

Også i «Den norske lods» gitt ut av Norges Geografiske opmaaling, i 1871 og revidert i 1914, er Flåvær og Varholmen nemnt som ein ankerplass. sitat: «I Flaavær hamn er god ankerplads for saavel mindre som større fartøier. 6–8 fv, vand og god holdebund. Fleire fortøiningsringer er anbragt rundt om kring på holmene. Man kan holde ind i havnen gjennnom tre forskjellige løp: Vestenfra mellem Varholmen og jernstangen paa vestre Sandøflu, hvor der er 10 fot vand»

Verdsmeisteren og europameisteren har røtene sine heilt ute på kanten av landet. Eg trur ikkje han har vore der enda, men han bør kanskje ta seg ein tur. Det er nok slik at vi blir meir interessert i røtene våre til eldre vi blir. Sjølv har eg brukt mykje tid på granske opphavet til mitt etternamn.

Eg er likevel overraska over at kvar gong nokon prøvar å fortelje at etternamnet til meisteren kjem frå Nordland, så slår patriotismen inn. No er det sagt ein gong til, det som må seiast.

Eit indiansk ordtak seier: «Det er to verdiar vi bør gi våre barn; Det eine er røter, det andre er vengjer».

Diverse kjelder