Dei som alt i dag opplever jordvern, kulturminnevern og strandsonevern som bremsande på utviklinga kan trøyste seg med at det ikkje blir enklare med åra.

Nasjonal strategi

I framtida skal nålauget bli enda trongare for den som har planar om tiltak på dyrka mark.

Det var bodskapen då landbruksdirektør Frank Madsøy hos Fylkesmannen denne veka fekk sleppe til i Herøy formannskap for å orientere om den nye nasjonale jordvernstrategien. Den går ut på at stadig mindre dyrkbar jord må nyttast til anna enn matproduksjon.

– Målsettinga til Stortinget er at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må kome under 4000 dekar innan 2020, forklarte Madsøy.

Ifylgje Madsøy er føremåleet med den høge målsettinga ikkje berre å styrke matsikkerheita, men også verdiskaping og sysselsetting i heile landet. Eit annan viktig føremål er å ta vare på kulturlandskapet.

For dei som kjem etter oss

– Om generasjonane som kjem etter oss skal ha mulegheiter til å dyrke den maten dei treng, kan vi ikkje halde fram med å bygge ned matjorda i den grad vi har gjort til no, understreka Madsøy.

Han la fram tal som viste at ein er på god veg til å nå målsettinga som Stortinget har sett seg med den nye jordvernstrategien. Men enda er det ein bit veg å gå før ein kjem under 4000 dekar i året.

Tenk framover i planlegginga

Madsøy framheva utbygging av bustadfelt, næringsareal og vegar som det viktigaste grunnane til at landbruksareal blir nedbygd, men hevda at i mange sitjasjonar finst det alternative areal til slike tiltak.

– Tenk framover. Det er noko vi heile tida må ha med oss i den kommunale arealplanlegginga, var Madsøy si oppmoding til herøypolitikarane.

Jordvernet kan sjølsvsagt ikkje stoppe all utvikling, men poenget til landbrukssjefen var at omdisponeringa av dyrka mark må avgrensast til situasjonar der samfunnsinteressene er openberrt mest dungtvegande. Eit slikt døme her i fylket er det nye sjukehuset som skal kome i Molde. Behovet for eit fungerande vegsystem til det nye sjukehuset gjer at Molde kommune stod for over halvparten av den dyrka jorda som blei omdisponert i Møre og Romsdal i fjor.

Framleis rom for skjøn

Kari Bjørnøy, som er rådgivar ved landbruksavdelinga, oppmoda lokalpolitikarane til i sterkare grad å tenke jordvern i dispensasjonssaker der mykje dyrka jord går tapt for framtida.

– Det skal framleis vere rom for lokalpolitiske skjøn, sa Bjørnøy, men understreka samtidig praksisen med at like saker skal ha lik behandling.

Absolutt driveplikt

Bjørnøy nytta òg høvet til å minne om driveplikta, som alle eigarar av fulldyrka eller overflatedyrka jord har plikt til å fylgje etter jordlova. Driveplikta er personleg, og har som føremål å ivareta jorda si produksjonsevne og kulturlandskapet.

Driveplikta har ein naturleg samanheng med forbodet mot omdisponering av dyrka og dyrkbar jord.

Kan ikkje nekte

Bjørnøy understreka at driveplikta er absolutt, men la til at det aktuelle arealet kan leigast vekk til andre for ein periode på minst ti år.

– Faktisk er det slik at viss nokon ønskjer å leige jord som ikkje blir halden i hevd, kan jordeigaren ikkje nekte med mindre han finn ein annan som vil leige, forklarte Bjørnøy.