– Dette er eit utruleg viktig arrangement for oss i klubben. Vi ser på det som svært viktig å rekruttere barn inn i idretten og skape fotballglede tidleg. Såleis håpar eg både gutar og spesielt jenter vil kome å prøve fotball, fortel ein engasjert Bergsøy-trenar og sportsleg leiar, Toni Sandanger.

Han forklarar at han sjølv, saman med andre trenarar og A-lagsspelarar, vil arrangere ei kjekk trening på Havila Fosnavåg Stadion. Det blir også levert ut skjema for alle deltakande. Foreldre vil få informasjon om plan for resten av året. Denne dagen spelar også damelaget mot Valder FK.

– Alle deltakarane vil få gratis inngang til kampen i tillegg til pølse med brød og brus opplyser trenaren, som også ser dette som ei viktig moglegheit for å løfte fram at klubben har lyst til å satse ekstra for å få inn fleire jenter i fotballen.