Vi ser at det er mykje stygg køyring, og har tru på at skilting av fartsgrenser vil redusere dette betrakteleg.

Det skriv avdelingsleiar Fred Arnesen i oversendinga til Kystverket. Her peikar han særleg på Straumane mellom Bergsøy og Leinøy som eit problemområde med høg fart.

Dette er eigentleg inga ny sak, men ei sak som kommunen hadde ute på høyring så tidleg som i 2014. Arnesen seier seg lei for at saka har teke slik tid, noko han forklarar med rutinesvikt i samband med at ein sakshandsamar gjekk av med pensjon.

For lite med fem knop

Allereie den gongen blei det bestemt at fartsgrensa gjennom Straumane skal vere sju knop. Det blei gjort på bakgrunn av meknader frå båteigarar som meinte fem knop ikkje girr god nok styrefart i straumområdet.

I same forskrift blei fartsgrensa på Fosnavåg hamn sett til fem knop. Denne forskrifta er no sendt Kystverket for godkjenning, og skilting vil bli utført så snart forskrifta er godkjend.

Politiet som må handheve

Avdelingsleiar Arnesen har òg svara ein båteigar som har etterlyst skilting og handheving av fartsgrensene på sjøen i Herøy. Her slår han fast at kommunen ikkje har heimel til å handheve brot på verken sentrale eller lokale fartsforskrifter. Det er det politiet som må gjere.

Samtidig peikar han på at det er den enkelte båtførar som pliktar å sette seg inn i og fylgje dei reglar som gjeld på sjøen. Her viser han til at sjølv om fartsgrensa i Straumane er sett til sju knop, må båtførarar rette seg etter den sentrale forskrifta når det til dømes gjeld område der folk badar. Båtar som ferdast nærare enn femti med frå plassar med badeaktivitet skal halde seg innafor fem knop.

Haldningskampanje

Arnesen viser til at kommunane ikkje er pålagde å ha eigne fartsgrenser til sjøs. No kjem det slike i Herøy, og dei vil bli skilta. Dessutan vil kommunen, med grunnlag i tilbakemeldingar og observasjonar, vurdere om det skal settast i gang ein haldningskamanje retta mot ansvarleg ferdsel på sjøen.