– I utgangspunktet vert det ei tøff opning på haustsesongen, seier spelande trenar Anders Vaaagen før kampen.

Han leier eit lag som går inn i hausten med eitt definert mål, nemleg å berge plassen i 4.-divisjon. Sandssokningane har likevel eit håp om å få hovudet litt over vatnet. Kampane i vårsesongen synte nemleg at LGFK spelar jamt mot dei fleste, men manglar litt på kunsten å avgjere til eigen fordel.

– Henrik Eidheim og Jan Petter Mork er vekkreiste og er ikkje aktuelle det meste av haustsesongen. Til gjengjeld er Robert Auflem Vik heime att, og vert med oss framover. Vi har også ein fin gjeng ungdomar som bankar på døra, seier Anders.

Han opplyser at laget har trena bra i det siste og ser fram til å bite godt ifrå seg – også mot eit fysisk sterkt Rollon-lag.

Larsnes/Gursken ligg som nummer 9 av 12 lag i 4.-divisjon med 8 poeng. Bergsøy ligg på ein sterk andreplass på tabellen med sine 27 poeng, eitt poeng bak AaFK 2. Desse laga møtest i Fosnavåg til toppkamp komande fredag. Meir om den kampen i neste avis.