Medan kommunesektoren fekk ein vekst i skatteinntektene på 4,5 prosent i fjor, opplevde Herøy kommune ein skattevekst på berre 0,1 prosent. I forhold til budsjettet svikta herøyskatten med 13,5 millionar kroner.

Det går fram av skatterekneskapen for 2017 som blir framlagt på fyrste formann- skapsmøtet etter ferien.

Rådmannen viser til frå å vere ein skattesterk kommune med skatteinntekt over landsgjennomsnittet, snudde det for Herøy i 2017. Resultatet i fjor blei på 98 prosent av landsgjennomsnittet, etter å ha vore oppe i 105,2 prosent to år tidlegare.

Det er truleg lågare aktivitet innan viktige næringar som offshore, som er årsaka til at Herøy hadde ein vesentleg lågare vekst enn landsgjennomsnittet i 2017, skriv rådmannen.

Ifylgje KS skuldast mykje av veksten i landsgjennomsnittet store uttak av utbyte som fylgje av skattereforma. Meirskatteveksten blir difor vurdert som ekstraordinær, og er ikkje forventa å påverke det langsiktige inntektsnivået for kommunesektoren.

Nedgang i personskatten

Totalt sett fekk Herøy ein skattevekst på 0,1 prosent i fjor, men innbetalingane frå personlege skattytarar minka med 1,1 prosent.

Rådmannen peikar på at det for Herøy er utviklinga i skatteinnbetalingane frå personlege skattytarar som er viktigast, då det er frå denne skattearten kommunen får det aller meste av skatteinntektene.

Mindre arbeidsgivaravgift

Det er altså ikkje berre arbeidsløysetala som synleggjer verknadene av problema i det maritime næringslivet for Herøy kommune. Eit anna bevis er arbeidsgivaravgifta, som i Herøy minka med over 55 millionar kroner, eller 16,4 prosent i forhold til 2016.

Mykje uteståande

Elles viser skatterekneskapen at kommunen også slit med å få inn pengar som skulle ha vore betalt. Samla restansar auka i fjor med 11,65 prosent samanlikna med 2016. Denne auken gjeld hovudsakleg krav på arbeidsgivaravgift, men kommunen opplever også ein generell auke på dei fleste skatteartar. Unntaket er restskatt person, der det har vore ein vesentleg reduksjon i restansane.