Han er ein opportunist, og som dei fleste opportunistar i dyreriket vert han tiltrekt av menneske og overfloda av mat vi forårsakar.

I kystlandskapet er han sett på som ein sjølvfølge og han har ei viktig rolle i kystkulturen vår. Likevel fører fuglen sin brutalitet, bråk og rot til at han er ein lite populær art og blir av mange sett på som eit skadedyr.

Ikkje lengre jaktbar

Svartbaken har ei lang historie saman med menneska langs den norske kysten. I gamle tider var eggsanking eit viktig proteintilskot og inntektskjelde.

Fuglen er blant dei første som ønskjer fiskarar heim frå havet og samlar seg i store mengder rundt små og store båtar i håp om å plukke opp fiskeavfall. Tradisjonelt har det vore jakt på fuglen i Noreg gjennom heile året med unntak av hekketida. Han vert ikkje brukt til mat, men her har det vore snakk om bestandskontroll.

Sjølv om svartbaken tilsynelatande finnast i så store mengder at han kan vere ei plage meiner forskarane at bestanden, lik all måsar i Noreg, er i kraftig tilbakegang. Som eit resultat blei svartbaken fjerna frå lista over jaktbare artar i Noreg i 2018 og er dermed rekna som ein freda art. I samfunnet har dette skapt konfliktar.

Grunnar til tilbakegangen er truleg overfiske av tobis, raske endringar i samfunnet vårt og vettlaus sanking av egg.

Verdas største måse

Med sitt 160 cm vengespenn og godt over to kilo er svartbaken med god margin den største måsen i verda. Han brukar storleiken og styrka til å skaffe seg mat. Mange måsar lev mykje på kadaver og sjødyr, men svartbaken viser ein meir aggressiv rovfuglåtferd.

Han har ikkje det skarpe rovfuglnebbet, men brukar heller rå makt når han jaktar. Dette vil då klassisk vere å hakke i hel andre fuglar eller rett og slett berre slite dei ut.

I tillegg til å jakte vaksen sjøfugl stel svartbaken egg og fugleungar. Han er også kjent for å stele andre fuglar sitt bytte, enten ved fysisk kontakt eller berre ved å verke truande ved hjelp av storleiken.

I tillegg til jakt leitar fuglen aktivt etter matrestar og det meste som er mindre enn seg sjølv går gjerne ned i svelget dersom det verkar freistande.