Ved overgangen frå juli til august hadde Møre og Romsdal 537 fleire arbeidsledige enn ein månad tidlegare. Av denne auken stod Søre Sunnmøre for 159.

Herøy auka mest

Med 43 fleire arbeidsledige i juli var det Herøy som hadde den største auken av alle landkommunane i fylket denne månaden, etterfølgd av Giske (42). Auken var større enn det Molde hadde (32), og om lag på nivå med Kristiansund (45).

Den store auken i juli gjorde at Herøy kom opp i ei arbeidsløyse på 5,0 prosent av arbeidsstokken. I heile fylket er det berre Hareid (5,5%) som har større prosentvis arbeidsløyse enn Herøy ved inngangen til august.

Slik ser tala ut for kommunane på Søre Sunnmøre: Vanylven 21 (+1) 1,3%, Sande 44 (+9) 3,3%, Herøy 226 (+43) 5,0%, Ulstein 187 (+36) 4,1%, Hareid 142 (+33) 5,5%, Volda 97 (+21) 2,1%, Ørsta 146 (+15) 2,6%.

Utanforliggande årsaker

At juli-auken i år er større enn det som er vanleg, skuldast ifylgje fungerande fylkesdirektør Hege Beate Skjølberg to forhold som ikkje har noko med arbeidsmarknaden å gjere.

Den eine er at det er fem veker sidan tala for juli kom, mot fire veker i fjor. For det andre har dei arbeidslause denne månaden fått ei påminning på SMS om å hugse å sende inn meldekort, og dermed oppretthalde statusen som arbeidslaus.

– Når vi tek omsyn til dette, er auken om lag som forventa og tilseier ikkje noko forverring, seier Skjølberg.

Faktisk reduksjon

– Samtidig med at det på grunn av sesongsvingingar har blitt fleire arbeidslause i juli, har ikkje NAV fått fleire arbeidssøkjarar totalt. Den siste månaden har det blitt 376 færre som er delvis arbeidslause og 297 færre arbeidssøkjarar på tiltak. Det vil seie at summen av heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på arbeidsmarknadstiltak er blitt redusert med 136 den sisste månaden, påpeikar Skjølberg.