Slik kommenterer adm. dir. Fredrik Remøy Rem Offshore si siste investering. Utan å søkje ekstern finansiering har Fosnavåg-selskapet kjøpt eit seks år gammalt supplysskip og skal bygge det om til seismikk.

– Det kan nok hende vi kjem til å snakke med bankar, men vi er ikkje avhengig av deira bistand for å gjennomføre prosjektet. Her har aksjonærane vore aktive og vist at dette har dei tru på, seier Remøy.

Det var Nett.no som fyrst meldte dette.

Treårs kontrakt

Støtta frå aksjonærane har òg vore avgjerande for at ting kunne skje raskt. Det seks år gamle offshorefartøyet blei overteke i Namibia, og ei veke seinare var båten på veg til Singapore der den skal gjennom ei større ombygging.

Den utløysande faktoren var likevel treårskontrakten som Rem Offshore har fått på båten. Kontrakten inneheld også betydelege opsjonar.

God seismikk-erfaring

Etter det siste kjøpet har det unge herøyselskapet ein flåte på sju fartøy. Seismikkfartøyet kjem i tillegg til fire supplyskip og to større subseafartøy, men ifylgje Remøy er seimikk ikkje noko nytt og uprøvd for Rem Offshore som selskap.

– Fyrste investeringa til gamle Rem Offshore var nettopp eit seismikkfartøy så tidleg som i 1996, og det var dette fartøyet som danna basisen for selskapet si vidare utvikling, fortel Remøy.

Remøy legg til at dei i samband med overtakinga av Vestlandet Offshore fekk tilført organisasjonen ein veldig kompetent gjeng på seismikk.

– Vi har ei historie på seismikk, vi har kompetansen på seismikk, og vi ser ganske store mulegheiter innafor denne marknaden, seier han.

Godt kjøp

Remøy vil ikkje ut med kva dei måtte betale for båten, men seier det var ein god pris dei fekk offshorefartøyet Lewek Aquarius for. Båten blei bygd i Polen i 2012 og er 87,9 meter lang. Breidda er 18,8 meter, og båten er innreidd for 60 personar.

Stor ombygging

Båten skal no gjennom ei stor og kapitalkrevjande ombygging til å kunne drive med seismikk. Ifylgje Remøy skal båten ha ein kombinert funksjon, men den skal ikkje inn i streamermarknaden. Til det har ikkje båten nødvendig breidde.