Det seier Magnus Bergset, som er dagleg leiar i restaurantbedrifta Kami Skotholmen. Bergset er godt fornøgd med sommarsesongen, der dei har hatt open restaurant fem dagar i veka på den omflødde holmen utfor Sæviklandet. Jamt over har restauranten vore godt besøkt.

Bergset seier det ikkje minst er den daglege transporten med skyssbåten «Skreddaren» som gjer at dei kjenner seg som ein del av restauranttilbodet i Fosnavåg.

-Mange av dei tilreisande gjestene våre har hotellet i Fosnavåg som utgangspunkt for å besøke oss, sesier han.

Også heile august vil dei halde fram med vanlege opningstider frå tysdag til laurdag, slik dei starta med i mindten av juni.

Forstår dei som stenger

Sjølv om Kami Skotholmen har halde ope heile sommaren, har Bergset forståing for dei som finn å måtte halde stengt ein periode på høgste sommaren.

-Sjølv i dei store byane ser vi at mange restaurantar gjer det same. Forklaringa er at juli er sommarmånaden, og for små bedrifter på små plassar er det vanskeleg å ikkje ta ein pause, seier han.