Dei som har ferdast på Runde den siste veka har kanskje lagt merke til at det ligg ein «ny» båt til kai ved hamna på fugleøya. Nykomaren, ein gammal reketrålar frå 1953 på 49 fot som har gått i området kring Flekkefjord.

Spontankjøp og hestehandel

Eigaren av den gamle fiskebåten er Jørn Sindre Hasfjord frå Runde. Vestlandsnytt møtte han om bord i båten tidleg måndag morgon.

– Eg kjenner ikkje til heile historia og lærer såleis noko nytt kvar dag, fortel Hasfjord, og opnar opp luka som fører under dekk på båten.

– Eg veit eigentleg lite om båten generelt, held han fram og smiler.

Det er kanskje ikkje så rart då Hasfjord kjøpte båten for berre ei veke sida, eit kjøp som heller ikkje var særleg planlagt.

– Det skjedde vell eigentleg nokså spontant. Vedkomande eg kjøpte den med var på ei lita kystreise og hadde avertert båten på finn.no. Eg tok kontakt og han stoppa i Fosnavåg i helga førre veke.

Jørn Sindre fortel at han var ei stund om bord, og før han visste ordet av det var han den stolte eigar av ei gammal treskøyte frå Flekkefjord.

– Det var eigentleg ein ganske spontan handel, seier han og flirer litt til det heile.

– Det vare ein god gammaldags hestehandel. Eg fekk båten i bytte mot ein mindre båt og ein sportsbil. Ein lever no berre ein gong, held han fram og smiler.

Gutedraum

Då kjøpet var heller spontant, fortel Hasfjord at han lenge har hatt ein fascinasjon for gamle trebåtar.

– Det har vell alltid vore ein liten gutedraum å kunne eige ein slik trebåt. Eg skulle gjerne hatt ein båt med meir lokal forankring, men uansett ligg det mykje nostalgi i slike båtar. Det er kanskje det som er viktigast for meg. Far min jobba på ein båt som likna på denne, og dette gir verdi i seg sjølv.

Har fiska opp krigshistorie

– Eg er også opptatt av å vidareføre historie og gamle tradisjonar, seier Hasfjord.

Reketrålaren har høveleg nok også spennande historier å by på. Det er spesielt ei historie som Hasfjord har fatta interesse for.

15. november 1988 skal denne båten ha håva inn ein uvanleg fangst i trålnota. På omkring 80 meters djup, 28 nautiske mil vest av Sirevåg, fiska båten nemleg opp ein Messerschmitt BF 109, eit tysk jagarfly utvikla på starten av 1930-talet.

– Restane av flyet blei frakta til Sola etter at det var kome trygt på land. Frivillige ved Flyhistorisk Museum Sola kasta seg snart over den kompliserte restaureringa av flyet, og i dag kan det sjåast på museet, fortel Hasfjord engasjert.

Båt med sjel

At båten krev mykje vedlikehald, er Jørn Sindre heilt klar over. Han synest sjølv at denne type arbeid er givande.

– Eg kallar det båt med sjel. Skal ein ha ein slik båt, må ein like å arbeide med det, noko eg gjer.

Han ser for seg at båten skal vere ein familiebåt og vil gjerne vise den fram for interesserte. No ser han fram til å ta fatt på arbeidet.