Kvalsvik-bebuarane har troppa opp for å starte dagens gjeremål. Dei jobbar frå tidleg morgon til seint på kveld for å gjere klart til den store Kvalsvikdagen laurdag 11. august.

– I år vert teltet dobbelt så stort. Vi har merka at folkemengda har auka litt etter litt for kvart år, så om vêret ikkje er med oss på laurdag, har vi i alle fall nok teltplass, seier han lattermildt og legg til:

– Dei siste åra har det kome eit par tusen på dagtid, og rundt 4-500 på kveldstid. Vi håper sjølvsagt at det kjem mange i år også.

Sunnmøres største kakebord

I år som i fjor, og åra før, vert det laksemiddag i teltet og utstillingsplassar i nausta. I tillegg vert det servert grilla Brudevoll-mør.

– Vi har også Sunnmøre sitt største kakebord. Det dei har ut i Våje er «piece of cake» i forhold til dette. I fjor hadde vi 130 kaker, og då dagen var ferdig kunne vi fylle det som var att på eit lite kakefat, fortel Bjørneset.

Trond Ihle og kompani byr opp til dans på kveldstid, og det er ikkje den einaste underhaldninga Kvalsvikdagen byr på.

– Det vert aktivitetar på vatnet, havopplevingar med RIB og ei dame som skal spele og syngje i eitt av dei nye nausta, avslører Bjørneset.

Alle bidreg

Bjørneset snakkar varmt om sambygdingane sine, og fortel at alle i Kvalsvika er med og hjelper til, på ein eller annan måte.

– Både unge og gamle er med og bidreg, og vi lagar til alt sjølve. Det vert som eit slags samlingspunkt her i vekedagane. Vi brukar den såkalla «pølseveka» på å kose oss, sitje å prate og jobbe.

– Men, kvifor vert det kalla «pølseveka»?

– For mange år sidan, då vi starta å jobbe på måndagen, fann vi ut at vi måtte ha mat i pausane. Så, vi kjøpte ein pølsekokar. Det går nok rundt tusen pølser denne veka, saman med nokre hundreliterar kaffi. Nokre damer kjem og steiker sveler også, slik at vi får eit lite avbrekk frå pølsene.