Entreprenør B. Tarberg har fått utarbeidd reguleringsplan for eit hytteområde på Gota i Gjerdsvika. Her er det planlagt seks hytter med carport i rekke.

I ein merknad til reguleringsplanen seier naboane til hytteområdet seg glade for at entreprenøren har laga ein konsekvensanalyse på eige initiativ.

Dei er likevel usamde i fleire av konklusjonane i analysen, mellom anna når det gjeld konsekvensane for dyre- og fuglelivet i Gotafjøra. Dette gjeld særleg fiskemåse og oter.

Raudlista artar

Både oter og fiskemåsar er på raudlista over truga dyreartar, og vi meiner konsekvensanalysen på dette punktet ikkje har nytta seg av lokale innbyggarar som kjenner til dyrelivet. Her bør det vidare konsekvensutgreiast og vurderast om utbygging er forsvarleg overfor desse utryddingstruga artane, heiter det i merknadene som fem naboane har sendt inn.

I entreprenøren si analyse heiter det at det i dag ikkje finst utvalde naturtypar eller raudlista artar innafor planområdet, så langt han kjenner til.

Naboane kan derimot vise til at Gotefjøra har vore hekkeplass for fiskemåse i mange år. Dei siste åra har det etablert seg fleire par igjen etter ei tid med tilbakegang i bestanden.

I tillegg er det oter på Gota og i Gotefjøra, og naboane rekner med at det dreiar seg om eit par sidan dei også har observert oterungar i området.

Leikeområde

Ifylgje entreprenøren er det ikkje registrert interesser for barn og unge innafor planområdet. Her kan naboane vise til at Gotefjøra har vore nytta til leik og friluftsområde, både sommar og vinter, i fleire generasjonar. Dei ber difor om at tilkomsten til fjøra må oppretthaldast etter ei eventuell gjennomføring av hytteprosjektet.

Naboane kjem også med fleire andre kritiske merknader. Det gjeld mellom anna trafikkforholda, og naboane viser til at hovudvegen er svært smal ovanfor hyttefeltet. Dei støttar Statens vegvesen sitt krav om at hyttene må ligge minst 30 meter frå fylkesvegen slik at vegutviding og gangveg kan etablerast utan at det går ut over etablerte bustadtomter.