Kjeldsund, som har historie tilbake til 1600-talet, har i juli husa heile 850 bufféklare gjestar.

– Vi har hatt ei stor utvikling, spesielt dei tre siste åra. Bufféen på søndagar og ball-middag på torsdagane har verkeleg slått an.

Det seier kjøkkensjef Eli Kristine Moltu. Ho har jobba på Kjeldsund dei siste fem åra, og fortel at ho stadig vekk må fortelje til folk at dei er fullbooka.

– Vi har mange besøkande frå Herøy og Ulstein. Mange har eit forhold til denne plassen, og det ligg nært hjartet. I år har det også auka med besøkande frå Ørsta og Volda.

Moltu trur det er den heimelaga middagen som trekker opp plassen.

– I tillegg kjem det folk som var her på leir for 30 år sidan, som vil sjå Kjeldsund igjen, seier ho og smiler.

– Noregs finaste jobb

På Kjeldsund har dei ein dagleg leiar, og to som jobbar fast på kjøkenet. Ved ekstra behov, leiger dei inn folk for å hjelpe til. Dei har også ein vaktmeister som gjer ein framifrå jobb.

– Det er Noregs finaste jobb, utan tvil. Eller kva seier du, Lisa?

Lisa (18) held på å dekkje opp borda til eit selskap som skal haldast fredag.

– Ja! Eg likar meg i alle fall her, seier stemmen som kjem frå andre sida av veggen.

– I sommar jobbar Lisa her saman med fire-fem andre. Det verkar som dei synest det er gøy, samtidig som det er litt trøkk. Dei står verkeleg på, fortel Moltu.

På torsdagar er det ball-middag på Kjeldsund, og søndagane er sett av til familiebuffé. I år har bufféen tatt heilt av, i fylgje Moltu.

– Etter at vi skreiv i annonsane kva som var på menyen, har det kome enda fleire folk. Vi lagar til både sosakjøt, svinesteik, kjøtkaker og steikt laks, og så har vi blant anna heimelaga karamellpudding til dessert. Eg trur folk likar ein buffé der dei vel sjølve kva dei vil ha, i staden for at nokon serverer ein tallerken med så og så mykje på.

Moltu avslørar også at dei har sett ny rekord på besøkande i år.

– Det har aldri kome over 200 personar før. Men eine søndagen i juli var det altså 250 som kom innom og ville ha seg middag. Til saman har vi vel servert rundt 850 personar, tenkjer eg.

Selskap og bryllaup

Fredag er det klart for selskap på Kjeldsund, og allereie dagen etter står eit flott bryllaup for tur.

– Det er ganske stor aktivitet her. På laurdag skal vi blant anna huse eit bryllaup med rundt 90 personar.

Eli Kristine viser fram den store salen der bryllaupet skal vere, der borda allereie står klare.

– Her kan ein få plass til 120-130 personar, alt etter korleis ein plasserer alt av bord og stolar. Dette er en koseleg plass. I tillegg har vi eit mindre rom som kan huse 20-30 personar dersom nokon vil feire eit selskap, eller berre ei storfamilie som vil sitje saman å ete mat.

Byr på båt- og kanoturar

Det er ikkje berre ball og buffé som står på lista over aktivitetar på Kjeldsund.

– Her får du også låne både båt og kano, og ungane kan leike seg i uteområdet med sandkasse, reiestativ, leikehytte og zip-line, seier Moltu og legg vekt på at zip-lina er svært populær.

Om du går litt lenger vekk frå hovudområdet, finn du også ein gapahuk som kan takast i bruk.

– At dei besøkjande kan gjere andre aktivitetar her også, trur eg ikkje er noko minus for konseptet, seier Moltu.