sommarsola har så vidt byrja og bryte opp morgonskylaget som ligg over Nupen gard ytst i Hallebygda i Sande. Det er blikstille hav og frå eit eldre, kvitt hus oppe i heia kjem der ei ung dame gåande. Det er Maria Waaler-Nupen, eigaren av Nupen gard. Bak ho kjem etter kvart også mannen hennar, Elias Waaler-Nupen. Den unge mannen lettar litt på sikspensen og stoppar litt opp i bakken for å helse på ein flokk med kopplam som er innegjerda på gardstunet. Dei to helsar lokalavisa og byrjar å vise oss rundt på familiegarden til Maria.

Med villsau som hobby

– Det er ein dyr hobby, som ikkje gir noko stor inntekt, men so er då det også hyggeleg og ikkje minst enklare enn å drive med andre dyr som til dømes mjølkekyr, forklarar dei to.

For det er ikkje for pengane sin del dei to har valt å ha gåandes 183 villsau på sine om lag 1200 mål med utmark.

– Grunnen er fyrst og fremst for å halde arealet vårt nedbeita, då vi har driveplikt på garden. Vi tenkte att villsau var betre enn å beitepusse heile tida, smiler Maria.

Men samstundes har dei i løpet av dei siste åra innsett at der kanskje kan vere fleire aspekt ved villsaudrifa som kan nyttast.

Sel skinn

Utanfor ei relativt ny, raud løe står ein bil. Elias løftar opp bagasjeromsdøra og trekk fram to kasser. Oppe i dei, mange saueskinn i brun-grått fargespel.

– Då eg og Maria blei saman såg eg eit unytta potensial i alle skinna som blei produsert men ikkje selt. Eg meinte dette var eit produkt vi burde satse meir på, og riktig nok har skinna seld som hakka møkk dei sister åra, smiler Elias.

Han legg til at dei har pakka med seg skinn i bilen som dei vil prøve å sele på campingferien sin.

– Spesielt på messer før jul har vi selt mange skinn, fortel Maria, og løftar fram eit vakkert, brun-grått skinn.

Vil satse meir

I fjor enda skinnsatsinga opp i at dei namngav enkeltmannsføretaket sitt for Nupen Villsau. Dette er også ei vitnesbyrd om at paret har ynskje om at hobbyen etter kvart kan bli endå meir enn berre beitepuss og skinnproduksjon.

– Men på dette tidspunktet har vi korta litt tett til brystet, seier Elias.

Likevel får vi eit hint på noko som kanskje kan vere ein potensiell ide då Maria viser fram eit teppe som mor hennar har laga av nokre skinn.

Dyr med personlegdom

Maria finn fram ein pose med brødskalkar og det som elles er att etter fredagstacoen. Vi går inn på tunet for å helse på sauene. I fyrste omgang ser dei ikkje ut til å ville kome nær, kanskje fordi gjetarkatten Mo står vakt ver porten. Etter kvart kjem nokre av dei likevel då Maria lokkar på dei.

– Det er eigentleg litt artig å sjå. Nokre er mykje meir vågale enn andre, fortel ho.

Maria kastar ei brødskive til ei søye som trampar hardt i bakken for å markere at vi ikkje skal kome nærare. Men ikkje alle sauane er slik.

Inne i ei anna innhegning får vi helse på dei tammaste dyra, kopplamma.

– Alle kopplamma har fått namn. Då dei har vakse opp nær oss, blir vi godt kjende med dei. Dei har såleis også utvikla sterke karaktertrekk ved seg som er gjennspegla i namnet, fortel Elias.

Han og Maria byrja så å liste opp alle namna.

– Dette er Trøbbel, smiler Maria.

Før eg rekk å spørje kvifor, har Maria strekt ut knyttneven. Det vesle brune lammet trekk litt tilbake før han stangar og yppar til leike-slåstkamp med Maria.

– Og dette er Tingeling. Ho er skikkeleg klengete. Ho lèt ofte som ho er sjuk og skal alltid ha merksemd, flirer Elias, og løftar opp lammet som står og klør seg inn til leggane hans.

Til slutt fortel dei at dei har blitt veldig glad i somme av sauene.

– Då dei skulle vere ute for første gang tok vi faktisk med oss soveposar ut på marka for å sove saman med dei. Dette gjekk elles ikkje heilt då dei er veldig klengete, avsluttar dei to med eit smil før dei takkar for besøket.