Når denne 35 cm lange fuglen kjem attende hjå oss for å hekke om sommaren har han gjennomført det lengste kjente trekket i dyreriket. Nesten 80 000 km har terna lagt bak seg sidan ho forlèt øyane våre, knappe ni månadar tidlegare!

Til månen og heim

Raudnebbterna hekkar langs heile noregskysten og rundt heile Svalbard, men blir vanlegare dess lengre nord ein kjem.

Når fuglane returnerer om våren samlar dei seg i koloniar frå nokre titals par til fleire hundre. Reiret blir lagt i ei grop på bakken på holmar og skjær, der dei er relativt trygge for rovdyr.

Fuglane legg egga først når dei føler vêret er varmt nok. Begge foreldra rugar til egga klekk etter omtrent 22 dagar. Dei første par dagane vert ungane fôra og varma av foreldra i reiret før dei startar og gå kortare turar.

Dersom vêret blir dårleg første veka etter klekking er dødelegheita for ungane stor. I august har dei fleste ternene reist tilbake til vinterstadane sine, som er på pakkisen rundt sørpolen! Nesten 80 000 km reiser terna i snitt kvart år, og med ein levealder på over 30 år svarar dette til tur retur månen tre gongar i løpet av livet.

Å kjenne igjen raudnebbterna

Raudnebbterna er ein av dei to vanlege ternene i Noreg. Den andre er makrellterna. Det å sjå forskjell på dei kan vere ei utfordring for sjølv ein driven fuglekikar.

Dersom ein er heldig å få sjå fuglen på nært hald ser ein at raudnebbterna har – som namnet tilseier eit heilt raudt nebb.

Makrellterna derimot har eit mørkt parti ytst. Eit anna teikn er at dersom ein ser ei terne på bakken, har raudnebbterna svært korte bein. I prinsippet er dette lett, men nokre gongar har også raudnebbterna eit mørkt parti på nebbet, medan makrellterna av og til nesten manglar sitt.

Når det kjem til lengda på beina så var det jo det å bedømme kva som er «korte bein». Som om ikkje dette var nok er fuglen svært aggressiv i hekketida og derav vanskeleg å komme nærme. Med eit skarpt nebb, raske stup og hakk mot hovudet jagar fuglen effektiv vekk rovdyr som mink og oter. Dessverre for oss, er dette like effektivt også mot ein vaksen mann.