– Vi fann den måndag på altanen vår inne i ei lykt som vi hadde ståande ute oppe på Dragsundråsa i Myrvåg. Vi trudde den var død, så vi flytta den over i eit glas med lokk, men då livna den opp igjen, fortel Melanie Hunt Clark, som har send oss biletet.

Med det Vestlandsnytt er kjend med, kan det likne ein kjempetreveps.

Bartrevepsane lev helst i skog med bartre, og er store vepsar med ein kraftig brodd.

Trass i at den har ein litt skummel brodd, er dei heilt ufarlege og stikk ikkje. Dei har heller ikkje gift. Det hender at kjempetrevepsar flyg i område med bustadar utpå seinsommaren.