I Herøy kommune sine postlister dukka det nyleg opp ein skisseplan frå Sporstøl Arkitekter og referat frå oppstartsmøtet til ei ny og spennande satsing på Runde. Arbeidstittelen på plandokumentet, Runde Panorama. Idehavaren, Arnulf Goksøyr.

Fritidsbustadar

Meir spesifikt skisserer plandokumentet ni fritidsbustadar ute på tuppen av Runde, mellom Litlevågen og Storevågen. Bygga som er skissert inn er rett ved sida av Christineborg, utan at dei nødvendigvis skal ha noko tilknyting, ifølgje Arnulf Goksøyr.

Det leggast opp til felles badeplass og bålplass for fritidsbustadane nede ved havet, og eit felles avfallssystem.

Eigedommen har eit område sett av til fritidsbustad-formål, medan arealet ut mot Storevågen og Litlevågen er sett av til Landbruk-, natur- og friluftsformål (LNFR).

– Vi jobbar no med ein søknad om å få regulere området til fritidsbustadar og hytter. I skissa som er framstilt er det teikna inn 9 bustadar på mellom 80–90 kvadratmeter kvar, forklarar Arnulf Goksøyr til Vestlandsnytt.

Ordføraren opplyser om at dei så langt i prosessen har hatt eit oppstartsmøte, som elles lova bra for det vidare arbeidet.

– Kommunen var positive til ideskissa og meinte den la eit godt grunnlag for vidare arbeid med prosjektet, fortel han.

Om fritidsbustadane skal vere til utleige eller for privatpersonar, har han ikkje teke stilling til enno. Prisen er også uviss. Når vi kjem til tidsperspektivet ymtar han eit håp om at det vil ta om lag tre år.

Det er elles verdt å nemne at hyttene vist i skisseprosjektet er eit tenkt konsept og variasjon. Dei vil potensielt måtte tilpassast meir nøyaktig kvar tomt ettersom terreng og utsikt varierer.

Tilpassa naturen, ikkje omvendt

Goksøyr fortel att dette er ein tanke og eit prosjekt han har hatt lyst til å realisere i lengre tid. Stikkorda her er, ifølge han, naturen og utsikta som er ute på Runde.

– Tomta ligg med nydeleg utsikt ut over havet i ein eksklusiv natur. Visjonen er å sikre godt utsyn og utsikt for alle, derav namnet, Runde Panorama, fortel han.

Fritidsbustadane er tenkt plassert slik at dei ikkje hindrar utsynet til kvarandre, medan vinkling av fritidsbustadane varierer for å skape gode utsiktsforhold og å unngå direkte innsyn til nabo.

Ein anna viktig faktor ved prosjektet er å minimere inngrepet ein må gjere i naturen.

– Eg vil at bustadane skal tilpasse seg naturen og ikkje omvendt. Dei må plasserast i terrenget med omhug, og pelast opp i forkant, forklarar Goksøyr, og legg til at han har blitt inspirert av design som brukar stolpar for å minimere kontaktflata med bakken.

Med respekt for naturen vil ein i tur forsterke atmosfæren i området og på hyttene. Eit viktig grep for å oppnå dette er å ikkje bygge på dei høgste punkta på tomta, men la dei vere opne, og heller bygge rundt, heiter det blant anna i plandokumentet.

Tilkomst utan bil

Hytta er skissert opp til å vere skjerma for motortrafikk og skal såleis ikkje ha tilkomst for bilar, fortel Arnulf.

– Tilkomst til hyttene skal tilpasse seg terrenget, heller med bruer og mindre fyllingar i naturlege materialar. Alle skal kunne kome seg til hyttene, berre ikkje med bil, opplyser Arnulf.