Det er lensmann Tor Sæther som fortel dette til Vestlandsnytt. Situasjonen er meldt til politiet. Båten skal ha forsvunne i løpet av førre veke og politiet har elles ingen mistenkte i saka.

Båten er ei lita raud jolle, "Summer Fun" 2011 modell, med svart botnsmurning. Båten har sidekonsoll og ratt, manuell start og to seter. Den har ein yamaha 9,9 påhengsmotor. Båten har registreringsnummer TAZ 455.

- Om nokon har tips i saka ber vi dei om å ta kontakt med oss i politiet, fortel lensmannen.