Thomas Buchardt er frå Spjelkavik og har spelarerfaring frå Eliteserien i klubbar som Drammen, Urædd og Nittedal/Hakadal, samt periodar som trenar for Spjelkavik, Langevåg, Aksla, Volda og Ålesund HK. Han har signert for to år.

– Eg gler meg og ynskjer at vi skal stå fram meir strukturert. Dei som kjenne meg veit at handball skal vere gøy, men at man skal setje seg nye og tøffe mål, seier den ferske Bergsøy-trenaren som likar å lage liv.

– Vi har som mål å ta nye steg. Med dei spelarane vi har skal vi kjempe i toppen i årets 2 divisjon. Eg fekk følgje Bergsøy gjennom fjorårssesongen, og ser at det er gode moglegheiter. Det har også kome inn nokon nye spelarar som vil forsterke laget. Vi vonar også at vi skal knytte til oss eit par til i løpet av kort tid, seier Buchardt.

Store talent

Markus Buchardt (18) er son av Bergsøy sin nye trenar og er ein høgrehendt midtback, playmaker og bakspelar. Håkon Tømmerdal Forberg (19) er ein venstrehendt bakspelar.

– Markus er handball-smart med bra guts. God spelfordelar, bra skot, men kan også verte enda tøffare på mål. Håkon er ein fysisk sterk og god spelar, men eg vil gjerne at han tek enda større tak i angrepsspelet sitt. Begge er trenings- og innsatsvillige samstundes med at dei to av dei største talenta i regionen. Vi er særs glade for å få dei med på satsinga i Bergsøy, seier Buchardt.

– Attraktiv handball

Den gamle Drammen-spelaren har store målsetningar

– Å spele på Møre og Romsdals beste herrelag forplikta. Då må innsatsen vere på topp! Vi skal vere eit lag for klubben og regionen som folk ynskjer å sjå. Vi ynskjer å spele kjapp og attraktiv handball heime i Herøyhallen. Det byrjar med ein målsetning om 500 tilskodarar i serieopninga 15. september, avsluttar ein offensiv Buchardt.

– Dette er ei fantastisk nyheit og ikkje minst eit bevis på at den langsiktige satsinga på herrehandballen, ber frukter. Vi er overtyda om at Marcus og Håkon vil vise veg for våre yngre gutar, og at andre talent i regionen no ser at Bergsøy er eit godt alternativ om ein ynskjer å satse som handballspelar, seier Bergsøy Handball.