Det slår avd.leiar Inger Marie Tofthagen fast i eit notat til rådmannen. Utgangspunkt for notatet er eit varsel som kommunen tok imot tidlegare i år, der kritikkverdige forhold innanfor psykiatrien blei påpeika.

Mellom anna blei det vist til at kommunen skulle hatt fleire stillingar innan psykisk helsevern og at det skulle ha vore ressursar særskilt til pårørandearbeidet.

Det er ikkje vanskeleg å vere samd i dette, skriv Tofthagen og viser til at hennar avdeling (barn, familie og helse) ved fleire høve har bede om auka ressursar til området psykisk helse utan at det har ført til auka stillingar.

Tofthagen vil difor, også i samband med budsjettet for neste år, kome med forslag til styrking av den psykiske helsetenesta. På bakgrunn av varselet vil ho ta opp behovet for å prioritere pårørandearbeidet for dei som har psykisk sjuke i nære relasjonar.

Tofthagen er derimot ikkje i stand til å følgje opp saka overfor varslaren då vedkomande ikkje gav seg til kjenne med namn.