Undersøkinga vart gjort i forbinding med ei frigivingsgransking knytt til regulering av bustadtomter. Planen vart lagt ut til offentleg høyring i 2002. Av diverse årsaker vart arkeologisk registrering utført i 2005. Då vart det påvist ti automatisk freda kulturminne i planområdet.

Fylkeskommunen gjekk til motsegn til planen, og planen vart liggande i ro. I 2008 vart det meldt ny oppstart av planarbeidet. Reguleringsplanen var då justert i forhold til tidlegare, og var noko redusert i omfang. Tre av dei registrerte kulturminna låg då innanfor planområdet.

Dispensasjon frå kulturminnelova

Eit av kulturminna vart regulert til spesialområde vern. Dei to andre vart gitt dispensasjon frå kulturminnelova med vilkår om utgraving. Kommunestyret vedtok reguleringsplanen 25. april 2013, med ei felles vedtekt knytt til dei to dispenserte lokalitetane. Denne vedtekta vart i seinare tid splitta, slik at lokalitetane hadde kvar si vedtekt.

Eigedomsselskapet BT Utbygging AS hadde gjennom dialog med Riksantikvaren, fylkeskommunen og Universitetsmuseet i Bergen ytra ynskje om å få gjennomført undersøking av område A. Dei hadde då planar om å starte reguleringa av bustadtomtene som råka området.

Førromersk jernalder og mellomalderen

I samband med reguleringsplanarbeidet vart det då gjennomført store arkeologiske registreringar. I ein rapport som Universitetsmuseet i Bergen nyleg gav ut, skriv prosjektleiar Trond Linge og feltleirar Fredrik Solli at desse registreringane vitnar om ein jordbruksaktivitet som strekkjer seg over ei lengre tid. For å få fram ulike spor, finreinska arkeologar området med krafse og graveskei.

Det vart gjort fleire funn, og desse ligg i dag i Askeladden som i alt ni lokalitetar. I område A fann dei område med fossilt dyrkingslag datert til førromersk jernalder, og i område B fann dei fossilt dyrkingslag frå eldre bronsealder med gjenstandsfunn frå steinbrukande tid og mellomalder (flintavslag og bakstehelle). I område C fann dei fossilt dyrkingslag frå senneolitikum, to kokegroper og artefaktfunn frå førromersk jernalder og steinbrukande tid (asbestkeramikk og flintavslag). I dei andre områda på Leine har det også vorte funne spor etter hus, eldstadar, avslag av flint, kvartsitt og bergkrystall.

Undersøkinga fordyra prosjekt

I fylgje Aleksander Tarberg, dagleg leiar i B. Tarberg, vart dei ferdig med gravinga på Leine i 2016.

– Som utbyggjarar var vi klar over kravet om arkeologisk utgraving ved kjøp av eigedomane. Det er likevel slik at kostnadane med denne utgravinga er noko som har fordyra prosjektet med utvikling av nye tomter på Leinane i vesentleg grad, seier Tarberg.

Tarberg fortel at prosessen og samarbeidet med UiB og kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i høve gjennomføringa av utgravingane har gått veldig bra. Han luftar likevel ein tanke om at staten eller kommunen kunne bidrege med midlar. Kor mykje prosjektet vart fordyra, kunne ikkje Tarberg offentleggjere av omsyn til forretningsmessige forhold.

– Som utbyggjarar meiner vi at det burde vore det offentlege som dekte kostnadane ved slike utgravingar, ettersom det vert framheva at desse funna har ålment nasjonal vitskapleg verdi. Om staten ikkje staten kan bidra med å dekke kostnadar, så burde i alle fall kommunen kome på bana å bidra med midlar slik at fleire område kan frigjevast og byggjast ut.

Han nemner også at det er store areal i Herøy, særskilt Bergsøya, som er regulert til bustadområde, men som har store tunge krav om utgravingar hengande over seg.

– Kanskje bør kommunen her bidra til å få desse utbygd? Kva med å tenke offensivt i høve til å løyse desse kostnadane ved bruk av anleggsbidrag og utbyggingsavtalar med private aktørar?

Tarberg seier at dette kanskje kan bidra til å setje i fart utbygginga av lokalsamfunnet.