Kva gjer kongeskipet på søre?

Kongeskipet ligg mandags morgon for anker mellom Dimna og Tjørvåg.

Vestlandsnytt fekk dette bilete av kongeskipet søndag kveld. Det låg då for anker mellom Dimna og Tjørvåg.  Foto: Tipser

Nyhende

Det er kjent at skipet på søndag låg ved Selja i Nordfjord. Her feira Bjørgvin bispedøme 950 år. Hennar Majestet Dronning Sonja opna Kystpilegrimsleia for Norge sin eldste pilegrimsstad.

Assisterande kommunikasjonssjef ved slottet, Svein Gjeruldsen, fortel til Vestlandsnytt at skipet no er på privat tokt.