Kongeskipet var observert i Herøy og Ulstein søndag kveld. Måndag morgon, like før 10:30, tok Kongeskipet laust frå Flatøya sør for Dimna der det hadde ligge oppankra for natta. Deretter sette dei kursen mot Herøy. Om lag 20 minutt seinare stoppa Kongeskipet utanfor Nerlandsøya.

Litt over 11 kom det køyrande ein gummibåt inn til Fosnavåg. Om bord var Hennar Majestet Dronning Sonja med sitt reisefølgje. Båten var ikkje lenge inne i hamnebasseget, dei sirkla litt rundt i indre hamn før dei køyrde ut igjen.

Nokre få hadde faktisk fått med seg at kongeskipet var i området. Dei stod såleis på moloen for å prøve og få eit bilete av den kongelege gjesten. Dronninga vinka til dei få som var i området og knipsa fleire bilete. Ho såg ut til å vise interesse for konserthuset og hotellet.

Dronninga hadde på seg ei raud jakke og sat bakerst i båten (sjå bilete).

Rundt klokka 13 ligg kongeskipet utanfor Runde.

Opna Kystpilgrimsleia på Selja

Det er kjent at kongesskipet på søndag låg ved Selja i Nordfjord. Her feira Bjørgvin bispedøme 950 år. Hennar Majestet Dronning Sonja opna Kystpilegrimsleia for Norge sin eldste pilegrimsstad.

- 950-årsjubileet blei markert med ei festgudsteneste, Seljumannamesse, på Selja kloster, i ruinane av eit benediktinarkloster frå 1100-talet, heiter det på kongehuset si nettside.

Kystpilegrimsleia er blitt ein del av Europeiske kulturvegar og er eit samarbeid mellom fem fylkeskommunar og fire bispedømer.