Den lokale klubben Tareholmen 4H var vertskap for den årlege fylkesleiren, noko som skapte liv og røre på øya frå fredag til søndag, då 21 4H-klubber tok ferja over fjorden for å bu i lavvoar med vikingtida som tema. Bygdefolket lånte ut syklar, leia aktivitetar, laga underhaldning og heldt vakt. Alt akkompagnert av strålande sol og ein liten bris frå sjøen.

Årets leirsjef og klubbleiar i Tareholmen 4H, Kristoffer Kvamme (18), seier han kjende godt på nervøsiteten før han skulle halde velkomsttalen for dei 230 tilreisande. Den hadde han nemleg skrive sjølv.

– Folk tenker kanskje at eg berre er sjef på papiret og at det er mamma som har kontrollen, seier Kristoffer.

Men mor og klubbrådgjevar Tove Kvamme er stolt over at sonen taklar ansvaret det er å halde i eit så stort arrangement.

– Det har berre vore ein fryd å møte alle blide morgonfuglar i dag. Vi 4H-arar er opplært til å vere kjekke og tolmodige, seier Kristoffer med eit smil.

– Legg frå dykk våpena, gutar!

Det er Skafti Helgason frå Møre Frie Vikingar som strammar opp nokre litt for nysgjerrige ungdommar. Han har slått opp vikingteltet sitt på området. Det glitrar i både sverd og knivar. Ein må gjennom ein del tryggleiksrutinar og opplæring før ein kan leike uhemma. For sjølv om det heiter vikingleik, var det også trening for dei unge vikingane, rett og slett førebuing til kamp. Og ein starta tidleg, allereie ved 4–5 års alder.

– Å ja då, gutane skulle vere klare til å gå i krig når dei vart 13, medan jentene skulle drive garden heime.

Skafti er sikker på at øyfolket ikkje kjenner til alt ein har rundt seg frå vikingtida.

– Det burde ha vore mykje betre merka ut, for her er ikkje berre gravrøyser. Ein kilometer frå vegs ende i Ristesund finn ein klebersteingruer, skoren ut som gryter i berget. Kvamsøya hadde mykje eikeskog, det finst spor av det som røter i myrene. Men kva anna ligg her, skal tru? Og kvar er alle husa frå jarnalder og vikingtid?

Laurdag baud på mange ulike aktivitetar. Fjelltur til Nonshornet eller Djupedalen, eller vikingleik og tur til gravrøysane. Matlaging for unge kokker med til dømes kyllingwok, wraps og focaccia på menyen. Gardsbesøk på Instegarden, der ein fekk kjenne på heste- og sauekontakt. Tre sjarkar tok med ivrige fiskarar til farvatnet sør for øya. Bas Runia frå heimeklubben valde kajakkpadling i sjøen utanfor Ristesund.

– Det er roleg og fint å padle, og eg greidde faktisk å ikkje velte. Men det var det to andre som gjorde, eller ein då, men han drog med seg kameraten.

Bas har vore fire gonger på fylkesleir, og synst det er veldig annleis å ha han på heimebane.

– Ja, eg føler meir ansvar for korleis det heile vert. Og så veit ein no kvar alle tinga er.

Men det vert kanskje litt lite søvn?

– Eg hadde tenkt å «døgne», men så klarte eg å sovne ved eit uhell!

Eller som Marita Beitveit så treffande uttrykte når søndagen kom og oppryddinga nærma seg slutten:

– No gler eg meg til å kome heim og sove!