– Det var en mycket bra match!

Gunnar Blomster frå Karlstad rakk så vidt å få med seg dagens VM-siger for Sverige, før han hasta seg til hamna på Runde denne tysdagskvelden. Saman med fleire er han no klar for ein tur han har høyrt gjetord om og sett fram til lenge.

– Eg er ein hobbyfotograf som elskar fuglar, og håpar vi får sett mange i dag, smiler svensken, medan han leitar fram fotoapparatet. Likeins gjer nesten alle dei frammøtte passasjerane, med det eine zoomobjektivet lenger enn det andre.

– All aboard!

Johan Moltu kjem til hamna og får raskt introdusert seg før vi trer om bord i hans eminente skute, Aquila. Han fyrer opp motoren. Før vi veit ordet av det er vi på veg mot fuglefjellet på Runde.

– Båten min har for det meste alltid passasjerar om bord når det er sesong, smiler Johan Moltu, og ser bak på dekk der passasjerane sit. I dag er der både svenskar, tyskarar og ei belgisk familie på fire.

Eg rekk ikkje snakke meir med Johan før han set båten i autopilot og finn fram nokre laminerte og litt vass-trekte plansjar. Han stiller seg opp på dekk og fortel om dagens attraksjonar, medan han briljerer med fuglenamn på fleire språk.

Vil ha med fleire lokale

Etter å ha messa ferdig om fuglelivet kan vi sjå Johan Moltu sin kollega Bjørn Gustavsen tøffe forbi oss i båten Rundø. Den blankpolerte båten skin mot oss med sin vakre brunfarge i lyset frå sola, som legg seg stadig lågare over horisonten.

– Både eg og Bjørn er einige om ein ting: Dette er noko alle burde få oppleve. Vi har mange turistar på tur, men vi saknar at fleire lokale nyttar seg av båtturane rundt Runde, seier Moltu.

Johan vil nemleg at fleire sunnmøringar skal få moglegheit til å nyte Rundes havluft og sjåverdigheiter.

– Spesielt kveldsturane har eg lyst å invitere lokale med på, smiler Johan, som i fire månadar, dagleg skal køyre fleire turar rundt turistmagneten.

Mykje å sjå

Og han har rett i at det er vakre ting å sjå i havgapet. Vel framme nedanfor fuglefjellet blir vi sirklande rundt i over ein time medan minnebrikkene til alle fotoentusiastane om bord vert fylte opp av blinkskot.

– Dette er berre heilt fantastisk, smiler Gunnar Blomster, medan han ser på eit av bileta han har fått av ein lunde.

Men det er ikkje berre vakre fuglar som ligg og badar i vatnet under fuglefjellet. Johan får auge på eit plastnett som flyt i havet. Vi brukar fem minutt på å få det om bord i båten.

– Dette er også ein realitet eg har blitt meir oppteken av, seier Johan, medan han fiskar opp plastnettet og viser det fram til dei om bord.

Han fortel at han ikkje skyr å vise turistar kva plast gjer med naturen. Han har sjølv blitt svært bevisst på dette den siste tida.

Ein vellukka tur

Etter å ha besøkt staden der den segnomspunne Akerendam forliste, avsluttar vi turen med det Johan kallar «feiring for ikkje å ha gått på skjer». Den yngste om bord, i dette tilfelle unge Linde frå Belgia, får servere kald brus, som har blitt slept bak båten, til alle om bord. Dermed er turen komplett og turistane om bord har berre gode ord å ytre om kveldsturen rundt Runde.

– Sjølv om eg vart litt sjøsjuk, var det veldig flott å sjå fuglane, smiler ein belgiar ved namn Wim.