Tilstynet avdekka som kjent lovbrot innafor kommunen sine tenester til pasientar med psykiske lidingar og samtidig rus (ROP) då det blei gjennomført våren 2017. Oppfølginga av tilsynet resulterte i ein handlingsplan der kommunen presenterte tiltak for å rette opp dei lovmessinge mangelane med tenestene til den aktuelle pasientgruppa.

For tidleg å avslutte

Handlingsplanen viser at det pågår eit forbetringsarbeid, men gir ikkje Fylkesmannen nok grunnlag til å avslutte tilsynet. Slik konkluderer direktør Grete Teigland, som ber kommuneleiinga ta ein gjennomgang og ei vurdering av om innsatsen og tiltaka som er iverksette på områda rus, psykisk helse og NAV har den ønskte effekten på tenestene.

I tillegg ber Fylkesmannen om ytterlegare utgreiing på enkelte punkt som danna grunnlag for lovbrotet.

Samarbeid og kompetanse

Det gjeld særleg på områda kvalitetssikring, samarbeid på tvers av tenestene og kompetanseheving.

Mellom anna vil Fylkesmannen ha ei beskriving av korleis leiinga følgjer med på bruken av kvalitetssystem innan rus, psykisk helse og NAV. Eit anna spørsmål er kor langt kommunen er komen i arbeidet med samanslåing av rus og psykisk helse.

Når det gjeld samarbeidet på tvers av tenestene ber Fylkesmannen om å få ei oversikt over datoar for gjennomførte samarbeidsmøte og ei vurdering av samarbeidet så langt. Vidare vil han ha framlagt resultat etter brukarundersøking og spørjeskjema til tilsette om tilgjengelegheit i NAV.

Fylkesmannen vil vidare ha informasjon om den faglege opplæringa av nytilsette og ber om å få framlagt oppløringsplan med sjekkliste i den samanhengen. I tillegg vil han ha kommunen si vurdering av kor vidt kartleggingsverktøyet som er teke i bruk gir nødvendig kunnskap om rusutfordringar og og psykisk helsesituasjon. Her viser han til ROP-rettleiaren, som er ei nasjonal fagleg retningslinje, og oppmodar kommunen om å ta den i bruk i dette arbeidet.

Innan fristen, som er sett til 28. september, vil Fylkesmannen dessutan òg ha ei evaluering og vurdering av kjennskapen til bruken av Sosialtenestelova i Herøy kommune.