Oppdatert klokka 14.40:

Politiet opplyser i ei ny melding tysdag at den tilsette, ein norsk statsborgar, er frakta vidare frå sjukehuset i Volda til St. Olavs Hospital i Trondheim. Skadeomfanget er ukjent, skriv politiet på Twitter.

Tysdag ettermiddag melde politiet om at ein mann er skadd etter ei arbeidsulykke i Gursken i Sande. Vedkomande vert frakta til Volda sjukehus med ambulanse. Ulykka skal ha skjedd i samanheng med arbeid/dokking av ein båt

Myklebust Verft-sjef Inge-Jonny Hide opplyser til Vestlandsnytt at ulukka skjedde litt over klokka 11.30 tysdag føremiddag.

- Like etter at operasjonen var ferdig med dokking av eit fartøy, skjedde uhellet. Det var eit tau som slitna og trefte ein av våre tilsette, seier Hide.

Bevissheit, men omtåka

Han opplyser at den tilsette var ved bevisstheit, men omtåka, etter uhellet.

Ambulanse, Arbeidstilsynet og politiet vart rutinemessig kopla inn. Det same vart ifylgje Hide også verftet si interne gransking, som blir sett i gang når det inntreff episodar med personskade.